Hopp til innhold

3.000 jazza seg i Balestrand

Etter eit lite underskot i fjor, går det mot overskot for årets Balejazz.

Ein nøgd Sigurd Kvikne konstaterer at i overkant av 3.000 personar var innom arrangementet i helga.

– Vi seier oss veldig godt nøgde. I fjor selde vi i underkant av 2.000 billettar, medan vi i år har selt godt over 2.000. Eg trur vi er kring 20 prosent over fjoråret, seier han.

– Økonomisk er det framleis litt tidleg å seie, men har ei god kjensle når eg ser vi selde meir billettar enn i fjor. Eg reknar med overskot i år, legg han til.

Godt nøgde

Pelbo under Balejazz.

PELBO: Mellom fleire artistar i Balestrand i helga var Pelbo.

Foto: Robert Jan Leerink

Kvikne og Balejazz kunne i år mellom anna by på Skandinavia si store showdronning, Lill Lindfors, Thea Hjelmeland, Good Time Charlie, Bergens Ungdomsstorband og Jasmine Kara.

Fredagen starta det med utdeling av «Årets kulturidé», medan det vart avrunda søndag med «Unge talent».

– Det har gått heilt knirkefritt, og det verkar som både artistar og publikum har vore nøgde. Fleire selde billettar tyder vel på at vi har treft betre med programmet i år enn i fjor, seier Kvikne.

(Artikkelen held fram under biletet)

Jasmin Kara under Balejazz.

IMPONERTE: Svensk-iranske Jasmin Kara på scena.

Foto: Robert Jan Leerink

Dyr glede

Hotelldirektøren konstaterer at det nye konseptet «Jazz, Wine & Dine» slo an blant gjestene. Kring 100 personar løyste den relativt dyre billetten til opplevinga.

I tillegg til jazz, vin og mat, fekk gjestene Norges beste vinekspert, Merete Bø, si grunngjeving for vinvalet til matrettane. Til kvar rett improviserte saksofonist Håkon Kornstad sine inntrykk av maten og vinen.

– Vi fekk supergode tilbakemeldingar. Etter ein slik suksess så kan eg garantere at vi prøvar til att neste år, seier Kvikne.

400 såg Lindfors

Konserten med Lill Lindfors var utseld i ein månad før ho stod på scena i Balestrand.

I alt 400 personar var innom for å få med seg Lindfors dagen før ho fylte 72 år..

– Det var smekk fullt, og i går selde også Brazz Brothers ganske godt. Det bles litt kaldt under utekonserten med Bergen Ungdomsstorband, slik at det var litt mindre folk i hagen. Men det vart ein fantastisk konsert, fortel Kvikne som lot seg imponere av dei unge musikarane frå Hordaland.

Mange høgdepunkt

Hotelldirektøren meiner det var så mange musikalske høgdepunkt, at han har vanskar med å plukke ut sin eigen favoritt.

– Men eg tykkjer det var leit at ein god del festivalbesøkande gjekk glipp av Matt Bianco og Jasmine Kara. Besøket var bra, men det kunne vore plass til fleire. Kara sang som ei souldronning, og hadde eit kjempedyktig band, seier Kvikne.