Av: Sander Heggheim
Ungdomsmeisterskapet i friidrett vart søndag ettermiddag avslutta med tre nye medaljar til fylket. Sveinung Grøneng Havn frå Florø tok bronse i kule med eit støyt på 13,96 meter. Fredrik Simensen, IL Sandvin, tok gullmedaljen med 15,67 meter.
Ny bronse
Sogningen Henrik Johan Holmberg var på førehand ein av medaljekandidatane i høgde for gutar 18/19 år. Holmberg tok tidlegare i sommar bronse i junior-NM i Tønsberg. Vik-hopparen tok nok ein gong bronsemedalje då han hoppa 1,91 søndag ettermiddag. Brede Raa Ellingsen, Norna-Salhus, vann høgdekonkurransen med eit hopp på 2,00.
Ny Florø-medalje
Florø T&IF avrunda UM med sølv på 1000 meter stafett gutar 15/16 år. Endre Midtbø Havn, Ole Jacob Lid, Jonas André Brandsøy og Øyvind Strømmen Kjerpeset representerte Florø. Ullensaker/Kisa IL vann stafetten med tida 2.05,69 tett følgd av Florø på tida 2.08,71. Florø T&IF kom og på ein imponerande 3. plass i klubbkonkurransen med 86 poeng. IL Tyrving vann klubbkonkurransen med 141 poeng.
Fjerde beste
Sogn og Fjordane Friidrettskrins vart den fjerde beste krinsen av alle krinsar med 190 poeng. Hordaland FIK vann suverent slik dei også gjorde i fjor. Hordaland fekk heile 540 poeng. Sogn og Fjordane heldt store fylke som Oslo, Hedmark og Østfold bak seg. SFFIK fekk same plassering under meisterskapen på Byrkjelo i fjor.
Trude Raad frå Breimsbygda IL vart mestvinnande av laga frå fylket med sine tre gullmedaljar. Inger Anne Frøysedal frå Stryn tok tre gull og ei bronse, men representerer ikkje Sogn og Fjordane under meisterskapen. Ho stilte til start for friidrettsklubben Tjalve.