Hopp til innhold

25 plass for Eithun og Horrem

Det blei ingen storeslem for Geir Eithun i Grand Slam-turneringa i Argentina.

Geir Eithun

SANDVOLLYBALL: Geir Eithun i ein tidlegare kamp.

Foto: Joao Pires / FIVB.COM

– Vi fekk ein 25. plass i hovudrunden, og det er vi ikkje så veldig fornøgde med. Plasseringa i seg sjølv er ikkje så verst, seier Eithun. – Men når vi først er i hovudrunden så taper vi tre kampar i puljespelet og ryk ut.

Saman med makker Iver Iver Horrem har den 34 år gamle føredianaren denne helga møtt Argentina, Latvia og Sveits. Mot alle tre enda det med tap for dei norske sandvollyballspelarane.

– Latvia er eit av dei beste laga. Argentina skal vi slå, men der rota vi det rett og slett vekk. Vi taper første settet, vinn det andre greit og tape eit jamt tredjesett , seir Eithun.

–Når det gjeld Sveits så handlar det om å bli nummer to eller fire i pulja. Der vinn vi første settet, tapar andre settet, og ledar ein periode så mykje som sju - fire i tredje settet, men igjen så klarar vi å rote det vekk.

– Ingen krisestemning

Neste helg er det World Cup Final der duoen Eithun/Horrem er eit av berre 10 lag. Dei dårlege resultata denne helga legg ingen dempar på oppladninga seier Eithun.

– Det er ingen krisestemning her, vi veit kva vi er gode for. Vi har slått mange av desse laga før, så det er litt tilfeldigheiter. I World Cup Final er det ti lag, og vi er kvalifisert til den.

I turneringa er det to puljer på fem lag, og det beste laget frå kvar pulje går vidare.

– Det nålauge er lite, så her det berre å trøkke til mot dei beste laga frå start av uansett, seier Eithun.