Hopp til innhold

1881 til topps i Europa

Opplysningen 1881 er kåra til den beste opplysingstenesta i Europa

Opplysningen 1881 i Lærdal
Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

- Vi er stolte over prisen, dette er eit resultat av kontinuerleg fokus på service og kvalitet, seier avdelingsleiar ved 1881 i Lærdal, Ingar Aaberge, til Porten.no.

Lærdal best i september

Og avdelinga i Lærdal oppnådde best resultat av dei seks 1881-avdelingane i landet i september. Det er brukarundersøking annankvar månad.

- 90 prosent av kundane svarar at dei er godt nøgde, seier kundeserviceleiar May Britt Solheim til Porten.no.

I Las Vegas

Prisen som Opplysningen 1881 har fått heiter 118 Tracker Awards. I år vart kåringa skipa til i Las Vegas, og det var første gongen Opplysningen 1881 var med.