Hopp til innhold

17-åring dømt for sal av narkotika

Ein 17 år gammal gut frå Nordhordland er dømt for å selje narkotika til ungdomar i Nordhordland.

Politi

BRYT OPP MILJØET I NORDHORDLAND: Politiet har hatt fleire storaksjonar mot ungdomsmiljø i Nordhordland. No er ein 17-åring frå Nordhordland dømd for sal av narkotika.

Foto: Lien, Kyrre / SCANPIX

17-åringen blei tatt då politiet aksjonerte mot ungdomsmiljøet i Nordhordland tidlegare i år. Han har frå 2013 til januar i år seld narkotika til ni ungdommar.

Den dømte 17-åringen skal ikkje vere hovudmann i narkotikasalet i Nordhordland.

Kjell Idar Vangberg

– 17-ÅRINGEN ER EIN AV FLEIRE: Det seier lensmann Kjell Idar Vangberg ved Lindås og Meland lensmannskontor til BT.no.

Foto: NRK

– Han er ein av fleire. Han har seld narkotika til skuleelevar på fleire skular i Nordhordland. Noko av salet er avtalt på førehand på sosiale medium. Andre gonger har han møtt kjøparane på stader der ungdom møtast, seier lensmann Kjell Idar Vangberg ved Lindås og Meland lensmannskontor til BT.no.

I hovudsak har 17-åringen seld hasj, men han er også dømt for å ha hatt befatning med amfetamin, rivotril og blåvalium. Han kan vente seg betinga fengsel i 45 dagar og ei bot på 7500 kroner.

LES OGSÅ: Narkoaksjon mot skoler i Bergen - Hordaland

Fleire storaksjonar

Politiet i Nordhordland har hatt fleire storaksjonar i ungdomsmiljøet.

Vatne

FLEIRE AKSJONAR: Lensmann Einar Vatne ved Nordhordland lensmannskontor meiner det er viktig å prøve å stoppe ungdom som brukar narkotika så tidleg som mogleg.

Foto: Morten Sæle

I februar gjennomførte politiet narko-razzia mot ti ungdommar heilt ned i 14-årsalderen, og i april blei 18 personar mellom 14 og 25 år pågripe i ein ny storaksjon i Nordhordland.

LES OGSÅ: 14-åringer tatt i hasj-aksjon - Hordaland

LES OGSÅ: Ny narkoaksjon i Nordhordland - Hordaland

Lensmann Einar Vatne ved Nordhordland lensmannskontor sa då til NRK at dei kjem til å halde fram med aksjonane for å få stoppa ungdomane tidleg.

– Det er veldig trasig at dei byrjar med det så tidleg. Du har dei som berre er litt borti det og som det går bra med resten av livet, men så ser vi dei andre som ikkje klarer å kome ut av spiralen. Vi ser det difor som viktig å få stoppa dei tidleg og sørga for at dei kjem seg ut av systemet.

LES OGSÅ: Varslar fleire narkoaksjonar - Hordaland