Hopp til innhold

16-åringar får røyste

Når folk strøymer til røystelokala 12. september, kan 16-åringar for første gong delta i eit kommuneval.

Valgurne

VEIT LITE: 16-åringane i Luster vedgår at dei veit fint lite om kva dei politiske parita står for.

Foto: Borgen, Ørn E. / SCANPIX

Som ein av 20 kommunar i landet er Luster plukka ut til eit prøveprosjekt der 16-åringar får røyste ved haustens val.

– Uinteressant

No håpar 16-åringane at politikarane brukar sosiale medium for å nå dei unge veljarane. For det er på langt nær alle tenåringar som er klare for å ta eit politisk val.

16 og 17-åringar

Dei freistar å skaffe seg informasjon om dei politiske partia på Facebook. Om seks månader skal dei for første gong levere sin røystesetel.

Kommunal- og regionaldepartementet står bak prøveprosjekt som har som mål å skape meir interesse for demokratiet frå tidleg alder. Ordninga gjeld for kommunevalet, og omfattar personar som fyller 16 eller 17 år i valåret.

Meiner dei er for unge

Ungdommane NRK møtte i Luster hadde gjerne venta til den ordinære røysteretten ved 18 år.

– Eg føler eigentleg at vi er litt for unge til å røyste. Derfor gidd eg ikkje å setje meg så mykje inn i det no, seier Synnøve Orestad.

Ho får støtte frå venninna Arinda Uglum.

– Eg veit ikkje nok om dei forskjellige partia, trur eg, til at eg veit kva dei vil.

– Møt oss på Facebook

Sjølv om tenåringane ikkje er engasjert i politikk, meinar dei at politikarane må aktivt rette seg mot dei unge gjennom sosiale medium.

– Eg trur kanskje det er Facebook som blir mest viktig i valkampen. Det har flest brukarar, så eg trur det er Facebook dei må gå på for å nå gjennom til ungdommane, fastslår Orrestad.

Politikarspråk

Politikarane er kjende for å føre eit tungt språk. Kjedelege ord og uttrykk får tenåringane til å gispe etter luft. Det er politikarane som må kome til dei unge, og ikkje omvendt.

– Dei pratar så vanskeleg å brukar vanskelege ord. Eg forstår ikkje kva dei meiner når dei pratar slik, seier ei av jentene.

Dei ber politikarane om å nytte ungdomspolitikarane til å nå dei unge via Facebook i håp om at dei yngre brukar eit meir forståeleg språk.

Lærar trur på sosale medier

Lærar Bente Karin Vatlestad kjenner 16-åringane godt. Ho trur ikkje dei er komne dit hen at dei klarer å sjå samanhengen mellom politikk og det dei er opptekne av

– Eg er litt usikker. Nokre kan nok vere det, men i forhold til kva dei sjølve seier også, så seier dei at det ikkje angår dei og at dei ikkje er interesserte.

Vatlestad trur at politikarane må engasjere ungdomane på nettstader der dei bruker mykje tid

– Sosiale medier er komne og vil bli verande. Eg trur nok at desse media vil få ei større og større rolle, seier læraren.

Synest dei kan for lite

Dermed har politikarane eit knapt halvår på seg til å vekke den politiske interessa hos tidenes yngste forstegongsveljarar i Norge.

– Eg kan ikkje nok om dei ulike partia, eg føler ikkje at eg er klar for å røyste enno. Eg skjønar ikkje så mykje, eigentleg, vedgår ei av jentene som 12. september kanskje legg sin første røystesetel i valurna.