Hopp til innhold

10 000 i bot for ulovleg fyrverkeri

Ei bot på opptil 10 000 kroner kan bli resultatet om du blir teken for ulovleg bruk av fyrverkeri på nyttårsaftan.

Ulovlig bruk av fyrverkeri kan bli dyr moro.

Bruk av ulovleg fyrverkeri kan koste deg dyrt.

Foto: Jan Inge Thomassen / NRK

Ronny Iden

Politiinspektør Ronny Iden.

Foto: Cosmin Cosma / NRK

- Vi vil nok liggje på omlag 10 000 kroner viss ulovleg rakettoppskyting skjer til dømes menneskemengder. I tilfelle der folk blir skada, må ein rekna med ein hardare reaksjon, seier politiinspektør Ronny Iden ved Sogn og Fjordane politidistrikt.

Forbode med styrepinnar

Forbodet mot å bruke rakettar med styrepinne i Norge vart innført i fjor, og gjeld fortsatt. Som eit resultat av forbodet gjekk talet på personsskade og brannar kraftig ned landet over.

– Vi er spente på om den gode statistikken held seg ved årets nyttårsfeiring, seier administrerande direktør Dagfinn Kalheim i Norsk Brannvernforening til NTB.

Mange færre skader

Han er godt nøgd med at talet på skadde gjekk ned frå 155 ved nyttårsaftan 2007/2008 til 61 i fjor. Talet på alvorlege augeskader vart redusert frå 23 til ni.

- Men førebels har vi berre erfaring frå ei nyttårsfeiring. Det er for tidleg å slå fast at forbodet mot rakettar har varig effekt.

- Ver forsiktige

I Sverige vert raketter med styrepinnar seld helt lovleg, men det er forbode å kjøpe fyrverkeri i Sverige og ta det med over grensa til Norge.

Rakettar uten styrepinne er fortsatt lovleg både å kjøpe og bruke i Norge, men Kalheim oppmodar likevel folk om å vere forsiktige.

– Det er viktig at utskytingsrampen er plan, at den som tenner lunta er edru. I tillegg skal det ikkje gjerast eit nytt forsøk på å tenne lunta om det tilsynelatande var mislukka første gang, seier Kalheim.