Hopp til innhold

Fleire vart arbeidsledige

Ein stadig større del av arbeidsstyrken er utan arbeid.

Øvre Årdal med Børtnes til høgre i biletet

Arbeidsløysa i Årdal vart dobla i juli månad.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

308 heilt permitterte arbeidstakarar fordelt på 128 i fiskeindustrien og 180 hovudsakleg i annan industri fører til at arbeidsløysa aukar også i juli samanlikna med juli i fjor.

Auken er på 16 prosent og Sogn og Fjordane skil seg såleis frå utviklinga på landsnivå der auken har stogga opp.

–Hovudårsaka til dette er at utfordringane til den konkurranseutsette industrien, som Sogn og Fjordane har mykje av enno ikkje er over, fortel direktør i NAV Tore Thorsnes.

1 363 utan arbeid

1 363 personar er no heilt utan arbeid. Dette utgjer 2,4 prosent av arbeidstyrken. Talet er framleis lågt samanlikna med resten av landet. Det er berre Oppland og Rogaland, begge med 2.2 prosent, som har lågare arbeidsløyse enn Sogn og Fjordane.

Arbeidsløysa i Norge er no på 3,0 prosent.

Negativt for industrien

Talet på langtidsledige aukar framleis og utgjer no 267 personar noko som er 91 personar fleire enn på same tid i fjor.

Arbeidsløyseutviklinga er svært ulik i kommunane i fylket. Om lag halvparten har nedgang eller stabilitet i motsetnad til kommunar med mange sysselsette innan industriell produksjon som framleis har til dels svært negativ utvikling siste året.

Dette gjev særleg negative utslag i Flora (+81%), Årdal (+100%) og Stryn (+66%).

Arbeidsløysa i Sogn og Fjordane juli 2010

Kommune

Tal heilt ledige

Prosent av arbeidsstyrken

Endring frå juli i fjor

Riket

78242

3,0

-167

Flora

304

5,0

136

Gulen

16

1,4

3

Solund

5

1,1

-4

Hyllestad

27

3,7

16

Høyanger

92

4,3

-65

Vik

17

1,2

-7

Balestrand

10

1,4

-6

Leikanger

8

0,7

-2

Sogndal

47

1,2

6

Aurland

6

0,7

-1

Lærdal

20

1,7

9

Årdal

62

2,1

31

Luster

25

1,0

6

Askvoll

39

2,6

6

Fjaler

29

2,2

10

Gaular

22

1,5

4

Jølster

25

1,6

5

Førde

117

1,7

14

Naustdal

27

1,9

9

Bremanger

74

4,1

0

Vågsøy

106

3,6

-15

Selje

67

4,8

-5

Eid

53

1,7

-15

Hornindal

9

1,4

-1

Gloppen

34

1,1

-1

Stryn

121

3,2

48

Fylket

1363

2,4

172

Ekspander/minimer faktaboks