Hopp til innhold

-Tannpleiarar er ikkje vegen å gå

- Den vanskelege tannlegesituasjonen i fylket er urovekkjande, men vi løyser det ikkje med fleire tannpleiarar.

Tannlege
Foto: SERGE MANCEAU / BELPRESS

Det seier hovudtillitsvald for offentleg tilsette tannlegar, Øystein Sivertsen.

Tor Bremer

Fylkesvaraordførar Tor Bremer

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

Sivertsen er usamd med fylkesvaraordførar Tor Bremer si løysing på tannhelseproblema i fylket. Bremer kallar måten tenestene er organisert på skandaløse, og meiner tilsetting av fleire tannpleiarar er løysinga.

- Problemet er mangelen på tannlegar

Sivertsen er samd i at situasjonen i tannhelsetenesta ikkje er god nok, men ikkje i kva som må til for å løyse problemet. - Hovedutfordringa ligg i å fylle dei ni ledige tannlegestillingane i fylket, meiner Sivertsen.

Prekær situasjon

Sivertsen kallar situasjonen i enkelte delar av fylket for prekær. Han seier at det snart berre er ein fungerande klinikk i Ytre Nordfjord. - I Måløy er det ingen, i Bremanger er det ingen, i Selje er det heller ingen, og på Nordfjordeid veit vi at det blir ledig til hausten.


- Tannpleiarane kan korte køen

Tillitsvald for tannpleiarane i fylket, Heidi Kvalheim, gjekk i førre veke ut og støtta Bremer sitt forslag. Kvalheim meiner fleire tannpleiarar kan gjere noko med køane på tannklinikkane.

- Eg tykkjer det er viktig når vi no har mangel på tannlegar, at tanlegane får drive med det arbeidet som dei kan, som er å behandle tenner. Der det er problem med å få tannlege burde ein i alle fall sjå på dei ressursane vi har, og bruke ressursane vi har på ein anna måte, meiner Kvalheim.

Kritisk til organisering

Fylkesvaraordførar Tor Bremer stiller og spørsmål ved den administrative organiseringa til tannhelsetenesta. - I dag
er tannhelsetenesta delt opp i fire tannlegedistrikt, kvar med sin sjølvstendige overtannlege. Ein heilt feil bruk av ressursar, meiner Bremer

- Det er Fylkestinget som har bestemt strukturen

Utspela til Bremer fell ikkje i god jord hos Sivertsen. - Eg tykkjer det er lite gjennomtenkt. For det første så er det Fylkestinget som har lagt premissane for korleis tannhelsetenesta skal organisertast. For det andre så ser ikkje eg at det kan gjerast så mykje meir. Kanske kunne ein slått saman to av tannlegedistrikta. - Men eigentleg så trur eg ikkje det er så mykje å spare, i alle fall ikkje på tannlegeressursar