I staden for å krangle om fødeavdelingar og akuttberedskap må debatten no handle om å få behalde nærsjukehus i Flora, Lærdal og Eid i samarbeid mellom primærlegane og spesial-legane.
Støttar samarbeidsmodellen
Dale støttar seg også til helseministeren som i Stortinget sist veke understreka samarbeidsmodellen som den einaste farbare vegen vidare. Spørsmålet er meir kva ein skal kalle desse samarbeidsinstitusjonane. Distriktsmedisinsk senter som har vore brukt, er misvisande meiner mange. Nærsjukehus eller klinikk kan vere betre.
-God nok beredskap
Men betyr ikkje det at akuttberedskap og fødeavdeling forsvinn frå Lærdal og Eid? Dale trur kirurgiberedskapen vil vere god nok. Det er ofte berre snakk om at ein situasjon skal stabiliserast. Sjølve operasjonen bør gjerast der kompetansen er best. Av og til er ikkje det i fylket ein gong, seier Dale.