Hopp til innhold

- Vil ikkje betale for bilberging

Bergingsselskapa har ofte store problem med å få betaling når dei bergar utanlandske vogntog som hamnar i grøfta.

Vogntog i grøfta

Dette er ikkje noko uvant syn på norske vintervegar. Men for bilbergingsselskapa er det ikkje berre ein kamp å få utanlandske vogntog på vegen att...

Foto: Terje Gilleshammer / NRK

Med norske aktørar på lasset, går det stort sett bra å få betalt for bergingsarbeidet. Men når både eigar og sjåfør er frå utlandet, brukar selskapa ofte mykje tid på å få betalt for jobben dei gjer.

- Dei vil i utgangspunktet ikkje ha noko hjelp for oss. For det kostar litt pengar. Frå 5 000 til 40 000 kroner, alt etter kvar det er. Og då er heile turen øydelagd for dei, seier Tommy Sølvberg ved NAF Redningsteneste på Nordfjordeid.

- Kamp kvar gong

Dårleg skodde utanlandske bilar på norske vintervegar treng ofte hjelp. Kvar vinter blir meldingane mange om utanlandske vogntog på tvers av, eller utfor, vegen. I helga sperra ein trailer brua til Kalvøya i Bremanger. Noko som skapte store problem for verksemda Norway Pelagic . Men det går ikkje alltid like greitt.

- Det er ein liten kamp kvar gong, men ein må no berre lære seg nokre metodar for å få ut av dei litt "shilling", seier Oddvar Nyland i Viking redningsteneste på Byrkjelo.

Venta i tre døgn

Alternativa er heller ikkje mange når eit utanlandsk vogntog hamnar utfor vegen, eller får problem i bratte og glatte bakkar.

- Anten er det å vente med å berge dei til dei har hosta fram kronasje, eller så bergar vi dei og tek dei med attende til tomta vår. Der må dei stå til pengane kjem, fortel Nyland. Nyleg hadde han ein ufrivillig turist ståande på Byrkjelo i tre døgn før han fekk pengane for oppdraget.

- Har brent oss

Georg Phil i Viking redningsteneste på Stårheim må ofte sende ut mannskap for å berge utanlandske trailerar. Mellom anna i Magnhildskaret på riksveg 614 i Bremanger.

- Vi har brent oss meir enn ein gonng. Vi slepp dei ikkje før alt er i orden. Får vi tak i fraktbrev og kontakt med mottakar eller leverandør, så er det det greiaste. Skal vi vente på bankgaranti frå utlandet, så kan det ta alt frå timar til døgn, seier han.

- Mest synd på dei

Phil tykkjer mest synd på dei utanlandske sjåførane, og vil ikkje kritisere dei. Men han meiner utanlandske selskap som pressar prisane, trugar heile transportnæringa.

- Eg vil seie det slik at dei utanlandske sjåførane har seks til åtte kroner timen. Det er kun når bilen er i fart at dei får betalt. Når die står i ro, får dei ingenting, seier Phil.