Hopp til innhold

- Vi treng politiske førebilete

- Innvandrarar i Sogn og Fjordane manglar politiske førebilet, meiner bosniske Vedrana Rajic.

Vedrana Rajic

VARA I KOMMUNESTYRET: Vedrana Rajic er ein av svært få personar med innvandrarbakgrunn i lokalpolitikken i Sogn og Fjordane.

Foto: Linda Olin Reite / NRK

Vedrana Rajic er andre vararepresentant for SV i kommunestyret i Sogndal.

Ho meiner dei politiske partia kunne gjort ein mykje større innsats for å få fleire innvandrarar med i politikken.

Den einaste kommunestyrerepresentanten med fast plass med innvandrarbakgrunn i Sogn og Fjordane er Srilogarajah Pasupathy i Eid.

- Fleire kan medverke

- Eg kjenner ikkje til så mange tiltak som er gjort til no, seier Rajic.

- Er det skuffande?

- Ja, det er det. Når ein snakkar om likestilling, så bør det vere på alle nivå. Eg er ganske sikker på at mange kan medverke til eit politisk mangfald.

- Er utruleg gjevande

30 år gamle Vedrana Rajic har ein bakgrunn som skil ho frå dei andre lokalpolitikarane i Sogndal: Ho vaks opp i Bosnia, og 13 år gammal flykta ho frå krigen saman med foreldre og ei søster.

Men fast plass i kommunestyresalen i Sogndal har ho ikkje. Ho er andre vara for SV, og er så vidt i gang med noko som kan bli ei politisk karriere i lokalpolitikken.

- Å vere med på ein del av det politiske livet, og vere med å bestemme, er utruleg gjevande, seier ho.

- Må gjere ein større innsats

Men det er få innvandrarar med politiske ambisjonar i Sogn og Fjordane. I kommunestyret i Eid sit éin representant med innvandrarbakgrunn, Vågsøy har to på varaplass og Sogndal har berre bosniske Rajic.

Ho meiner dei politiske partia må gjere ein mykje større innsats overfor innvandrarar.

- Både det at eg er kvinne og at eg har innvandrarbakgrunn, gjer meg til ein minoritet. Sånn sett kan eg vere eit eksempel for andre, seier Rajic.