Hopp til innhold

- Vaskevatn kan ikkje eksplodere

Leiar i Vesttank , Jostein Berland, måtte svare på mange spørsmål frå innbyggjarane i Gulen i dag.

Jostein Berland
Foto: Torje Bjellaas

Ordførar i Gulen, Trude Brosvik etterlyste under folkemøtet i dag ei ressursgruppe som kan rykke ut når store ulykker skjer.

Fylkesmannen ville på si side ikkje love korkje ordføraren eller dei vel 120 frammøtte i salen, at dette kunne la seg gjennomføre.

Engasjerte

Dei vel 120 innbyggjarane i Gulen som hadde møtt opp på folkemøtet i dag, ynskte svar på mange spørsmål, og viste engasjement der spørsmåla hagla mot både Vesstank, SFT og folkehelseinstituttet.

Framleis er folk i Gulen skeptiske til både giftskipet Probo emu og myndigheitene si handtering av situasjonen etter ulykka.

- Vaskevatn eksploderar ikkje, sa ordførar i Gulen, Trude Brosvik før møtet tok til, og etterlyste svar frå myndigheitene saman med innbyggjarane i Gulen. -og dei bør vere gode, seier ho.

Storma rundt Vesttank

Verst storma dei frammøtte mot Vesttank, som tok sjølvkritikk for ulykka. Korleis eksplosjonane i dei to oljetankane kunne oppstå var det imidlertid ingen som fekk svar på. Heller ikkje korleis så mange kunne bli sjuke av gassen.

Brosvik og Gulen kommune tok sjølve initiativet til folkemøtet der mellom anna Folkehelseinstituttet, SFT og Direktoratet for Samfunnssikring og beredskap skulle svare på spørsmål frå usikre innbyggjarar.

Mange spørsmål

- Statlege tilsyn seier at det ikkje ligg noko alvorleg i dette, men folk er blitt sjuke. Ein har fått forklart at det ikkje har  langtidsvirkningar, men folk er usikre og urolege, og sit att med mange spørsmål, sa Brosvik før møtet tok til. 

- Eg har ikkje kompetanse til å overprøve folkehelseinstituttet, og må jo tru på det dei seier, men samtidig er folk urolege fordi dei oppleve at bedrifter har framstått unnvikande, legg Brosvik til.