Hopp til innhold

- Urettferdig av Eide

- Det er urettferdig om ungdomslaga blir skulda for å ha gjort noko gale når dei har valt å presentere den humoristiske sida av Jakob Sande. Det seier Ottar Wiik etter kritikken frå Sande-biograf Ove Eide.

Ottar Wiik
Foto: NRK

- Det ville vere ille om det skulle stå eit ettermæle etter ungdomslaga sin mangfaldige innsats for og med Jakob Sande at dei har så og seie skusla vekk store deler av forfatarskapen hans.

Wiik har i mange år vore med i Vik Ungdomslag og sett opp både alvor og skjemt frå Sande si dikting.

- Kjende ei viss uro

Ottar Wiik meiner det er storarta og fabelaktig at Ove Eide har kome med ein skikkeleg Sande-biografi. Han likar at det blir diskusjon rundt Sande si dikting, men han kjende ei viss uro då han høyrde Ove Eide på radioen torsdag svare på spørsmålet om kven som har bidrege til å oppretthalde Sande som ein moromann.

- Det er alle ungdomslaga, alle revyane, Sogn og Fjordane Teater med sine oppsetjingar og sjølvsagt ein mann som Jon Eikemo med sitt show, sa Eide.

- Burde heller få ros

Wiik meiner ungdomslaga skal ha mykje av æra for at Sande er kjend vide omkring.

- Dei burde i staden ha stor ros for å ha halde levande diktinga til Jakob Sande, og det er ikkje meir enn rett og rimeleg at dei brukar det dei finn mest tenleg for sine føremål, og det er det lettaste stoffet, vi kjem ikkje bort frå det.

- Ikkje berre den lyse sida

Dessutan meiner Ottar Wiik det heller ikkje er heilt sant at revyartistane og ungdomslaga berre har sett på den lyse sida av Jakob Sande sin forfattarskap.

- I Vik Ungdomslag si jubileumsoppsetjing "Godt år Jakob Sande" har vi nettopp teke fram dei mørkare sidene og ei heil rekkje med relativt ukjende dikt.