Hopp til innhold

- Tappar fiskeflåten for sjøfolk

- Den sterke veksten av offshorebåtar tappar fiskeflåten for kvalifiserte sjøfolk, seier leiar i Sogn og Fjordane fiskarlag, Nils Myklebust.

Tråler i Måløy
Foto: Gorm Kallestad / Scanpix

På landsplan vil ein i løpet av kort tid mangle rundt 2000 kvalifiserte fiskarar, viser utrekningar frå fiskarlaget.

Krev likebehandling

- Staten set inn store offentlege midlar i offshore-flåten som gjer at fiskarflåten blir tappa for kompetanse. Vi krev likebehandling, fordi dei som driv innan offshore blir tilgodesett, seier Myklebust.

Han viser til skipsfartsflåten har hatt ei ordning som mellom anna inneber at reiarlaget slepp å betale arbeidsgjevaravgift og skatt på løn. Den såkalla nettolønsordninga.

Vil sjå på

Nestleiar i næringskomiteen på Stortinget, Gunvor Eldegard (Ap), er for den gunstige nettolønnsordninga. Likevel vil ho no sjå på kva som kan gjerast.

- Det urovekkjande dersom det kjem til å mangle 2000 kvalifiserte fiskarar på landsbasis. Det er klart at dette er ei utfordring vi må ta tak  i. Vi må kome saman og diskutere kva som kan gjerast, seier ho.