Hopp til innhold

- Straff råkøyrarane hardare

- Styresmaktene bryr seg ikkje om at ungdom døyr når dei ikkje straffar råkøyrarane hardere.

Inge Atle Myren mista dottera Camilla på denne vegstrekka i Stryn.

Inge Atle Myren mista dottera Camilla på denne vegstrekka i Stryn.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Det seier Inge Atle Myren. Han er far til 15 år gamle Camilla Myren, som omkom i ei trafikkulukke i Stryn for vel ein månad sidan.

LES OGSÅ: Camilla Myren (15) mista livet

LES OGSÅ: Høg fart kan vere årsaka

LES OGSÅ: Bryr ikkje seg om dødsulukke

- Lett å betale seg frå straff

Sidan ulukka på rv 15, like aust for Stryn sentrum, har over 11 ungdomar mista livet i trafikkulukker der det er mistanke om høg fart. Seinast i helga omkom ein 24-åring i Naustdaltunnelen. Myren krev at råkøyrarane blir straffa hardare.

LES OGSÅ: Mann omkom i trafikkulukke

LES OGSÅ: Magnus (24) omkom i Naustdal

- Pengar har vi etterkvart bra med i landet. Det er veldig enkelt å betale seg i frå ei straff. Må ungdom og vaksne vere fotgjengarar i eitt år eller halvanna år, så skal det ikkje så mange til før smitteffekten blir ganske stor, meiner han.

(Saka held fram under biletet)

Bilulukke Stryn

Bilete frå ulukka som kravde eitt menneskeliv i Stryn.

Foto: Arne Vik

- Feige politikarar

Myren trur politikarane er for feige til å vedta strengare straff for alvorlege fartsoverskridingar.

- Dei let det berre dure og gå. Dei bryr ikkje seg i det heile. Eg trur dei er redde for å bli upopulære. Dei er redde for å kome med upopulære tiltak, seier han.

- Inga enkel løysing

Politisk rådgjevar for samferdsleminister Liv Signe Navarsete, avviser at politikarane er feige. Ho viser til haldningskampanjar, fokus på graderte førarkort og ny trafikkopplæring.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

- Eg trur ikkje det er ei enkel løysing, men eitt breidt spekter som må på plass for at vi skal kome ned mot ein nullvisjon, seier ho.

- Kven skal miste fridomen?

For Myren som mista 15-åringen sin i vår, er bunnar det heile i eitt spørsmål.

- Skal vi ta fridomen frå ein som køyrer for fort, eller skal vi ta fridom frå ein ungdom slik som skjedde med ho Camilla. For min del er det ikkje så veldig vanskeleg å svare på det.