Hopp til innhold

- Staten må betale utgravingar

Det er Staten og ikkje privatpersonar som må ta rekninga for arkeologiske utgravingar, meiner Senterpartiet.

Arkeologar fann 2 000 år gamalt langhus i Loen.

DETTE KOSTAR: Frå utgravinga av 2000 år gamalt langhus i Loen.

Foto: Birger Meland

Vedtaket på landsmøtet i partiet i helga kom frå Sogn og Fjordane, og fylkesleiar Karen Marie Hjelmeseter er godt nøgd med utfallet på landsmøtet.

– Vi fekk støtte for vårt framlegg, og det er eg utruleg glad for. Dette inneber at Staten må ta meir ansvar for kostnadene med arkeologiske utgravingar og undersøkingar.

Karen Marie Hjelmeseter

- UTRULEG GLAD: Karen Marie Hjelmeseter.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Mange seier ikkje frå om funn

Mange grunneigarar har måtta betale dyrt for at det er oppdaga pilespissar, spyd og kokegroper på eigedommane deira. Slik reglane er i dag fell ein stor del av kostnaden med å grave ut fornfunn på dei som eig grunnen.

Mange av dei har difor valt å ikkje seie frå når dei har funne noko frå fortida.

Dersom Senterpartiet no får gjennomslag for at Staten må ta ein større del av rekninga kan det få mykje å seie for framtidige utbyggingsprosjekt, seier Hjelmeseter.

– Det er kostnadskrevjande for dei som skal byggje ut om dei må ta desse kostnadene sjølve, det gjeld både private utbyggarar og kommunar. I verste fall kan gode prosjekt bli kansellerte fordi det blir for dyrt.