Hopp til innhold

- Små mjølkebruk er viktige

– Det vil vere lønsamt å halde fram drifta i dei små mjølkebruka, seier fylkesagronom Bjørn Harald Haugsvær.

Bjørn Harald Haugsvær

Fylkesagronom Bjørn Harald Haugsvær

Foto: Cosmin Cosma / NRK

Dei siste åra har regjeringa i aukande grad lagt opp til at mjølkeproduksjonen skal bli gjort i store fellesbruk, men no viser nye raportar at produksjonen frå dei små bruka er avgjerande for Sogn og Fjordane.

– Mange av gardsbruka har gode fjøs, og skal dei byggje nytt er det ei stor investering. Er fjøsen bra og den er nedbetalt, så er det god økonimi å halde fram drifta nokre år til, meiner han.