Hopp til innhold

- Skvisar ut vanlege folk

Strandsonereglane gjer det for dyrt for vanlege kystfolk å ta del i sjølivet, meiner ordførar.

Nøst i strandsonen
Foto: Bergen kommune

Målet med strandsonereglane er at folk flest skal få betre tilgang til sjøen. Trass i dette er det somme som meiner at det stikk motsette har skjedd.

- Eit luksusgode for rike folk

- Problemet er at den strandsoneforvaltinga me har hatt gjennom mange år har redusert tilkomsten til sjø og båtliv for folk flest. Det har vorte eit luksusgode for folk med pengar, seier ordførar i Meland kommune Nils Martin Aadland.

Kamp mot ulovlige stengsler | – Det har vært fritt frem | Mindre bygging i strandsonen

- Prisen kan skremme mange

Nils Marton Aadland

Ordførar i Meland kommune, Nils Morten Aadland

Foto: Arthur Kleiveland, Avisa Nordhordland

Aadland viser til den store papirmølla som trengs for å få bygge eller oppgradere naust og hytter.

- Ein reguleringsplan vil koste mykje pengar, kanskje kring 100 000 kroner, seier Aadland.

Ordføraren trur prisen kan skremme mange.

- Det er jo ikkje alle som har råd til dette, og det me då vil oppleve er at folk med mykje pengar kanskje har større moglegheiter for å få realisert eit naust enn folk med normal inntekt, seier han.

Lei av strandsone-kritikk | | Ja i Kragerø - Nei i Fredrikstad

- Strandsona må regulerast

Video SPONHEIM-.mp4

Fylkesmann i Hordaland, Lars Sponheim

Foto: Nyhetsspiller

Fylkesmann i Hordaland Lars Sponheim har eit anna syn på saka.

- Det verkar merkeleg viss det er nokon som går rundt og har den oppfatting at me ikkje skal ha planar for kvar me skal ha utbygging og kvar me skal ta vare på natur og strandsoner. Det må me gjere, seier Sponheim.