Hopp til innhold

- Skal kjempe med nebb og klør

Sogndal er i outsider-rolla framfor dei to siste kampane i 1. divisjon.

Håvard Flo
Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

Men sogndølene må truleg ha full pott i begge kampane for å greie direkte opprykk. Sportsleg koordinator Håvard Flo lovar at dei skal kjempe med nebb og klør for poenga.

– Ikkje lett match

Motstandar på årets siste heimekamp på Fosshaugane Campus no på søndag er Stavanger, som alt er klar for retur til 2. divisjon. Men Flo åtvarar dei som trur det blir lett match.

– Vi må gå til kampen med ei profesjonell innstilling, og alle må yte sitt beste for at det skal bli poeng.

Utan kapteinen

Sogndal stiller med unnatak av kapteinen Rune Bolseth med sitt beste mannskap mot Stavanger. Bolseth fekk ein skade i hovudet i forrige heimekampen, og er ikkje med i 18-mannstroppen mot Stavanger. Men Håvard Flo seier at kapteinen har hatt gledeleg framgang, og det kan bety at han blir med i siste kampen borte mot Hønefoss.

– Trur på Sogndal og Haugesund

Jon Navarsete
Foto: Arve Uglum / NRK

Fotballkjennar Jon Navarsete har tru på Sogndal, sjølv om laget før dei to siste kampane er nummer fire av dei fire laga som kjempar om direkte opprykk.

– Privat har eg satsa pengar på at Sogndal og Haugesund rykker direkte opp, og at Hønefoss kjem opp via kvalifisering. Sogndal er outsider, og dersom dei gjer jobben mot Stavanger er det perfekt med Hønefoss borte i siste kampen.

– Bikkjeslagsmål

Håvard Flo håpar at Hønefoss ikkje får full poengpott borte mot Mjøndalen no på søndag, og han har tru på at Tromsdalen kan stele poeng frå Kongsvinger. I så fall er begge laga innan rekkevidde for Sogndal.

– Eg trur det blir eit bikkjeslagsmål til "the bitter end", seier Flo.

Slik ser tabellen ut før dei to siste kampane:

Sogndal stiller med denne 18-mannstroppen mot Stavanger søndag klokka 13.00:

2 Jon Midttun Lie
4 Lars Grorud
5 Morten Christensen
6 Ulrik Flo
9 Anders Fossøy Stadheim
10 Espen Olsen
12 Piotr Leciejewski
14 Henrik Furebotn
15 Daniel Marcin Lubieniecki
16 Tarjei Dale
20 Kenneth Kvalheim
21 Tomasz Grabowski
22 Per Egil Flo
23 Lukaz Nadolski
25 Even Hovland
26 Mats Goberg Solheim
28 Elvis
30 Ole Jørgen Halvorsen