Hopp til innhold

- Rekn med å miste straumen

Straumen kjem og går over heile Sogn og Fjordane.

Halve Sandane er no utan straum, og akkurat no er dei straumlause blant anna på Barmøya i Selje, og i deler av Holmedal.

På Jølster har det vore mange lynnedslag og rotvelte, men dei fleste har no fått igjen straumen.

Nettsjef Hilmar Fredriksen seier situasjonen er uoversiktleg og at straumen kan bli borte igjen. Frå Vik og austover har og ein del personar mista straumen.

400 lynnedslag sidan midnatt

- Straumbrot heile tida

- Folk må nesten rekne med at straumen kan forsvinne i kortare periodar, seier vakthavande hjå Sogn og Fjordane Energi.

I morgontimane i dag hadde han eit svare strev med å halde styr på alle lynnedslaga.

- Det tordnar over alt.

- Kvar har lynet slege ned?

- Ja, kvar har det ikkje slege ned? På det meste hadde me 112 nedslag i vårt område på ein time så heile kartet vårt lyste gult.