Hopp til innhold

- Overkøyrd av Vik kommune

Sognekraft treng parkeringsplassar, og kommunen vil oreigne ein eigedom Ingebjørg Skjerven eig.

Området der Sognekraft skal byggje i Vik

Området der det nye Sognekraft-bygget med parkeringsareal etter planen skal kome.

Ho seier at ho kjenner seg overkøyrd av kommunen, og no har ho kontakta advokat for å få stansa prosessen.

– Eg opplever det som ei overkøyring, at eg er dårleg behandla.

Ingebjørg Skjerven eig ei gamal smie i sentrum på Vikøyri. I samband med den nye reguleringsplanen er det opna for at kommunen kan oreigne eigedommen som smia står på og bruke den til parkeringsplassar for Sognekraft.

– Alt var bestemt

Skjerven reagerer på måten kommunen har gått fram på, ho meiner ho ikkje har fått høve til å kome med sine innvendingar.

– Eg meiner dei ikkje fylgjer dei reglane som er når dei går ut og skal både vedta ein reguleringsplan og oreigne i same prosessen. I tllegg vart vi kontakta så seint at eigentleg var alt bestemt.

Marta Finden Halset
Foto: Sindre Løkstad / NRK

Men ordførar Marta Finden Halset meiner Ingebjørg Skjerven har fått kome til orde.

– Har fått kome med sitt syn

– Ho har fått kome med sitt syn på reguleringsplanen på lik linje med alle andre berørte partar og har hatt same saksgangen som dei andre.

– Men kvifor opnar de for oreigning i samband med vedtak av reguleringsplanen. Burde dei ikkje i første omgang prøve å kjøpe eigedommen?

– I punkt 2 i tilrådinga frå formannskapet står det: Dersom ein ikkje får til ein minneleg avtale med grunneigarar og eigaren av Smia... Med andre ord ligg det framleis forhandlingsgrunnlag.

Ikkje gitt opp håpet

Og Ingebjørg Skjerven har ikkje gitt opp håpet om at Smia skal få stå.

– Det er kanskje ynskjetenking, men eg håpar at den gamle smia kan få stå, og at vi likevel kan finne gode løysingar for den parkeringsplassen som det er snakk om.