- Problemet er at politikarane bryt med det som tidlegare er vedteke. Det er nemleg vedteke at vi skal ha eit desentralisert omsorgstilbod i denne vide kommunen, slik at dei pårørande har kortast mogeleg veg, seier pensjonist Oddvin Fossøy.
Det nybygde omsorgssenteret på Dale i Luster, midt mellom Gaupne og Skjolden, skal opne like over helga. Men gleda over ein ny sjukeheim er slett ikkje som den skal vere.
- Færre besøk
Saka opprører veldig mange i Luster, og særleg dei som soknar til sjukeheimen i Gaupne. Grunnen er at fleire pasientar må flyttast frå Gaupne til Dale for å fylle opp det nye senteret eit par mil lenger inne i fjorden.
- For dei pårørande hadde det nesten vore betre å flytta pasientane andre vegen, til ytre Hafslo eller endå lenger ut. Det er jo den vegen folk har ærend. Pårørande har ikkje ærend innover til Luster. Det vert ekstratur og det betyr at pasientane får langt mindre besøk, påstår Fossøy.
Pasientar gret
Men ifølgje Fossøy er flyttinga uansett verst for pasientane sjølve.
- Vi må ikkje gløyme at vi her snakkar om folk mellom 90 og 100 år. Dei er i ein fase av livet der dei er særleg sårbare. Det er og sjuke folk det gjeld. Enkelte pårørande har faktisk opplevd folk i administrasjonen som truande i samband med flyttinga, hevdar den engasjerte pensjonisten.
- Eg snakka med ein pørande i dag, og den pasienten brukte no mest tid på å gråte og ha sorg over at vedkomande måtte flytte innatt til Luster.
Ordførar Torodd Urnes. Arkivfoto
- Halvsanningar
Ordførar Torodd Urnes avviser kritikken, og meiner Fossøy fer med halvsanningar.
- Det kan no vere at Fossøy ikkje veit betre. Han tek nok litt hardt i. Etter det eg kjenner til er det tre pasientar dette gjeld, seier Urnes, som meiner flyttinga er gjennomtenkt og utført på beste måte.