Hopp til innhold

- Media jagar i ulveflokk

Media har jakta på justisminister Knut Storberget som ein sint ulveflokk som har vore ute etter blod. Det seier Ap-nestoren Harry Mowatt frå Hyllestad.

Harry Mowatt
Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

Han understrekar at det framleis er uklart kva som feilar Storberget, men meiner kritikken mot han har kome heilt ut av proporsjonar.

Både i hijab-saka og i andre saker har media gått langt over streken, meiner Mowatt.

- Media har i slike saker fått ei aukande tabloidisering. Viss ein luktar politikarblod, køyrer ein på som ein ulveflokk. Ein droppar alle krav om saklegheit, og det har ein gjort i denne saka.

- Men er det ikkje viktig at media er kritisk i slike saker ?

- Media skal vere kritisk i alle saker. Men det skal vere sakleg kritikk, og ikkje det som vi får gong etter gong - retta mot eit utval personar. Det er ein einsidig ulveflokk som er ute etter å glefse etter folk.

- Så du meiner media har ein del av skulda for at Storberget har vorte sjuk ?

- Eg kan ikkje stille diagnose på Storberget i denne situasjonen her, men generelt syns eg at i slike situasjonar jagar media alt for mykje i flokk. Og vi har sett veldig tragiske utfall av det.

Mowatt meiner at hijabsaka kunne vore takla betre av Storberget og Regjeringa, men at det må vere visse proporsjonar i kritikken.