Hopp til innhold

- Må krige for å vinne

Sogndal-ekspert Jon Navarsete håpar laget har lært av tapet mot Sarpsborg. - Skal Sogndal kome til semifinalen i cupen, må dei ut og krige.

Per Egil Flo, Tarjei Dale, Espen Olsen og Jon Midttun Lie

Sogndalspelarane har ein tøff kamp framføre seg søndag mot Follo.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

Video Kvartfinale: Follo - Sogndal 15.08.2010

Følg kampen mellom Follo og Sogndal direkte her på NRK

Liveoppdatering av kampen her frå kl.18.00

Sogndal er i kvartfinalen i cupen for sjuande gong. Søndag møter dei botnlaget Follo.

Kvartfinale: Follo - Sogndal 14.08.2010

Stor prestasjon

Jon Navarsete

Jon Navarsete

Foto: Arve Uglum / NRK
Espen Olsen og Tarjei Dale
Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK
Saftkokaradn på Fosshaugane Campus

Skal Saftkokaradn bli nøgde må Sogndal kjempe det dei har søndag.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK
Sogndal - Alta

Jon Navarsete meiner Sogndal må ta fram krigaren i seg om dei skal klare å slå Follo på søndag.

Foto: Steinar Lote / NRK
Piotr Leciejewski reddar

Slike redningar er viktige for at Sogndal skal klare å vere betre enn Follo.

Foto: Steinar Lote / NRK

- Dette er ein stor prestasjon av Sogndal. Siste åra har eliteserielaga blitt store og mektige, noko som har gjort det vanskelegare for fyrstedivisjonslaga å nå opp. Eit sterkt lag med trenar Harald Aabrekk i spissen har vore oppskrift på suksess, seier Navarsete.

Må ta lærdom

Etter ein lang opptur tapte Sogndal overraskande 4-0 mot Sarpsborg for to veker sidan.

- For å vinne kampen søndag må Sogndal ta lærdom av det som skjedde 8.august. Den gongen var laget avventande og forsiktige, og det held ikkje i ein cupcamp. Dei må ut og krige, vere fyrst på ballen og ta styringa, seier Navarsete.

Har vore stabilt gode

Sogndal ligg øverst på tabellen i fyrste divisjon. Follo kjempar i botnen, og er svoltne på siger. Då dei to møttes for tre veker vann Sogndal knapt 4-3. Men ifylgje Navarsete har Sogndal vore gode store delar av sesongen, og har gode sjansar på siger søndag:

- Trenar Harald Aabrekk har gjort ein god jobb med laget. Men det er fleire nye spelarar og laget treng tid å bygge seg opp.

Sigersoppskrifta

I 1976 tapte Sogndal 2-1 for Brann i cupfinalen. Det er fyrste og einaste gongen sogningane kome heilt til finalen.

- Sogndal er best når dei tek initiativ og har lyst til å vinne. Dei må tore å vere på offensiven. Even Hovland og Lars Grorud må vere meir sjef på bana enn dei har vore i nokre av kampane. Henrik Furebotn og Elvis på jobbe hardt på midtbana. Og kanskje set ein av Flo'ane inn det avgjerande målet. Eg trur det blir siger søndag, avsluttar Navarsete.