Hopp til innhold

- Lite som kan samanliknast

Eit av verdas hardaste triatlon er i full gang i Eidfjord. Triatlonet har høg status internasjonalt.

Norseman Xtreme i full gang
Foto: Norseman Xtreme

Omlag 200 deltakarar frå over 30 nasjonar skal i løpet av dagen symje 3,8 kilometer i Hardangerfjorden og sykle 180 kilometer over Hardangervidda.

Til slutt spring dei maraton opp til Gaustadtoppen.

Høg status internasjonalt

Norseman har fått høg status også i det internasjonale triatlonmiljøet, seier pressesjef Øyvind Lillehagen.

Internasjonalt har Norseman Xtreme fått status som ein av dei ti hardaste triatlona som ein kan delta i.

- Det er lite som kan samanliknast med det, seier Lillehagen.

Norseman 2007
Foto: Fred Arthur Asdal

Håpar på ny rekord

- Vi har ein del ekstremt gode atletar med oss i år. Under gode værforhold håpar vi på nye rekordar, men då må vi altså vere i mål på 10, 5 time. Det vil seie i 15.30 tida laurdag ettermiddag.

Førebels har konkurransen gått etter planene, og været har vore bra.

- Været er ganske avgjerande, ifølge Lillehagen.

Blant dei beste norske deltakarane er Tom Redmann.

Send inn ditt bilete av konkurransen!