Sjå bilete fra flaumen og uvêret
- Dei har stått opp att frå dei døde, konstaterer ei glad Margunn Hylland onsdag ettermiddag.
Ho og mannen Nils hadde for lengst rekna med at dei to kvigene var døde. Nils Hylland var ute i natt for å berge dyra, men elva vart så stor at han var nøydd til å kome seg i sikkerheit.
- Elva tok dei no i morgontimane, sa Nils Hylland klokka 10 onsdag føremiddag.
Då var han likevel glad for at han greidde å berge tre av kvigene.
Men utpå ettermiddagen viste det seg at dei to kvigene var svært så symjedyktige.
Tur på to kilometer
- Den eine var blitt teken to kilometer avgarde med elva og ut i fjorden før den hadde kome seg på land. Der fann eg ei forvirra kyr som var svært glad for å sjå meg, seier Margunn Hylland.
Den andre kviga hadde reist 500-600 meter med elva, og hadde kome seg på land på ei smal stripe mellom vegen og Nærøyfjorden.
- Dei må ha ei utruleg evne til å overleve. Begge tykte det var skikkeleg stas å få kome seg i hus og få mjøl, seier Margunn Hylland.
Foto: Cosmin Cosma
Mista 60 rundballar
Den flaumstore elva tok også 60 av rundballane til Hylland og drog dei med ut i Nærøyfjorden. Kor stort det økonomiske tapet blir torer dei ikkje å spekulere på no.
Onsdag ettermiddag fekk dei hjelp av kranbåt for å få rundballane på land igjen.