Hopp til innhold

- Kabel er uaktuelt

Ifylgje Statnett gjer satsing på fornybar energi det uaktuelt å kable kraftlina mellom Sogn og Sunnmøre.

Kraftlinje
Foto: Solum, Stian Lysberg / SCANPIX

- Ikkje særleg smart

Kommunikasjonsdirektør Tor Inge Akselsen i Staten har inga forståing for det sterke engasjementet for kabling gjennom Sogn og Fjordane. - Eg skjønar ikkje at nokon kan sjå på det som særleg smart, for å vere heilt ærleg.

Løyser ikkje problemet

- Kabling vil ikkje løyse problemet vi er ute etter å løyse løyse. Ein kabel rundt kysten vil ikkje vere ei god løysing i forhold til planane om å bygge fornybar energi i Sogn og Fjordane, seier Akselsen.

Let seg ikkje påverke av Hardanger

Det har ført til omfattande krav om kabling også andre stader i landet etter at regjeringa vil utgreie kabel-løysing gjennom Hardanger. Mellom anna krev både Høgre og SV her i fylket at den planlagde straumlina frå Ørskog til Fardal blir lagt i kabel. Men dette har Akselsen liten sans for.

- Klimaløysingar er avhenging av at vi satsar på fornybar energi, slik det ligg store planar om her i landet. Og Sogn og Fjordane er eit viktig fylke i så måte. Dersom vi ikkje finn løysingar som kan bringe krafta dit den trengs, så får vi ikkje dette til.

- For tidleg å konkludere

SV ynskjer ein gjennomgang av sjøkabel, slik som den i Hordaland. - Statnett trekkjer konklusjonar altfor tidleg, seier fylkeleiar Heidi Kathrin Osland.