Hopp til innhold

- Ingenting unormalt ved Dale Oen

Det kjem til å ta fleire veker før årsaka til det uventa dødsfallet til Alexander Dale Oen blir klar.

Det opplyser politiet i Flagstaff i USA til NRK.

Landslagslege Ola Rønsen seier det var ei sjokkoppleving at 26-åringen døde, og at det ikkje var noko som tyda på at han hadde problem.

– Han gjekk ikkje på nokon medisinar og det var ingenting som var unormalt i forhold til fysikken, seier Rønsen.