Hopp til innhold

- Ikkje skyteskive for jegerar

To lause kvelpar er ikkje vandrande skyteskive for jegarar, seier Norsk Kennel Klubb, NKK.

Hundevalp

Arkivfoto. Kvelpen på biletet har ikkje noko med saka å gjere.

Foto: CAI YANG / AP

Dei reagerer med vantru på at eit jaktlag i Bremanger skaut to kvelpar med vitande og vilje fordi dei kom i vegen for jegerane.

– Kan ikkje forsvarast

Dette kan ikkje forsvarast i det heile, seier Elisabeth T. Hansen i NKK.

– Vi meiner at når eit jaktlag er ute på jakt må dei ta omsyn til alle slags dyr, også hundar. Det er ikkje vanleg at eit jaktlag skyt to små kvelpar som kjem i vegen for hjortejakta, så vi meiner dett er feil framgangsmåte.

– Langt over streken

Då jaktlaget frå ytre Davik stod klart til å skyte hjort kom to ni månader gamle kvelpar inn i nabovaldet til jaktlaget. Men jaktalaget let seg ikkje stogge av det. Etter nøye vurdering skaut dei begge kvelpane før dei heldt fram med jakta si. Elisabeth T. Hansen i Norsk Kennel Klubb meiner jegerane har gått langt over streken.

– Vi fordømmer det heile. Vi er ikkje imot jakt, men det å skyte hundekvelpar på denne måten blir heilt feil. Vi har og registrert at ettersøksringen i Bremanger har brote all kontakt med dette jaktlaget og no ikkje vil bruke sine ettersøkshundar til å leite etter skadd vilt for dette jaktlaget.


– Skaut for å avlive

Kvelpane stod i ei innhegning, men klarte å ta seg ut, og forvilla seg inn i jaktområdet. Politiet har arbeidd med saka, og lensmann Hans Rune Strandos i Bremanger seier det er ei heilt spesiell sak.


– Vi har avhøyrt dei impliserte partane, både den som skaut, jaktleiar og eigaren av hundane. Det er slege fast at han som skaut gjorde det medvite for å avlive hundane.

– Har du høyrt om ei liknande sak før?

– Nei, heldigvis ikkje. Det er ei veldig spesiell sak. og det burde absolutt ikkje ha skjedd, og folk innan jaktlaget seier og i ettertid at det var ei overilt handling.


Bremanger Ettersøksring har sagt opp avtalen med jaktlaget i Ytre Davik. Medlem i ringen, Olve Steinset, er rysta over at kvelpane vart skotne.

– Alvorleg tillitsbrot

– Eg er alvorleg skuffa. Det er trasig for jegerstanden at slikt kan skje.Vi opplever det som eit alvorleg tillitsbrot frå jaktlaget. Dei har krenka bestemmelsane i hundelova og det rettsvernet som hundar skal ha. Det er ikkje lov å avlive ein hund berre fordi han forstyrrar ei hjortejakt.


Får ikkje jakte utan avtale

Fordi ettersøksringen har sagt opp avtalen, får jaktlaget frå ytre Davik ikkje jakte vidare. For skal dei det, må dei ha ein ettersøksring, seier Steinset.

– Då må dei i så fall få avtale med ein annan ettersøksjeger som kan stille opp for dei når dei skal jakte. Når det er sagt hadde vi eit veldig positivt møte med jaktlaget, og så får vi sjå om vi greier å gjenskape tilliten. Korkje vi eller jaktlaget er tente med denne konflikten.

– Burde ikkje få bere våpen

Jan Per Løken er tidlegare viltforvaltar i Eid, og han seier til Fjordenes tidende at han er fortørna over at det er eit samstemt jaktlag som står bak avlivinga av hundekvelpane.

– Med ei slik haldning burde dei ikkje få lov til å bere våpen. Dette er ei handling som ikkje kan aksepterast og som må føre til reaksjonar, seierr han.