Hopp til innhold

- Ikkje skuldig i aktlaust drap

Den 18 år gamle guten som er tiltalt etter ei motorsykkelulukke i 2011 sa seg ikkje skuldig i aktlaust drap då rettssaka starta i Fjordane tingrett tysdag.

Created by InfoDispatcher

SYNFARING: Retten var på ulukkesstaden i dag. Frå v. politibetjent Bjarne Brudevoll, forsvarar Ivar Blikra og bistandsadvokat Tor Andre Amble.

Det var i juli 2011 at 18-åringen køyrde utfor fylkesveg 609 i Vågeskaret ved Flokeneset mellom Førde og Askvoll. Den 16 år gamle Bjørn-Arild Høyvik frå Førde som var passasjer på sykkelen omkom i ulukka.

18-åringen sa seg skuldig i å ha køyrt motorsykkelen utan førarkort og for å ha køyrt bil og moped utan førarkort i tida etter ulukka, men altså ikkje i aktlaust drap.

– Ting skjedde fort

Den tiltalte sa i retten at han ikkje veit kva fart han hadde. Han køyrde forbi ein bil som blinka han forbi kort tid før ulukka. I svingen forklarar han at han la seg godt ut mot kvitestripa for å ha god sikt gjennom og forbi svingen.

Så merka han at det byrja å riste, og at han var nær autovernet. Deretter skjedde ting fort, og han hugsar ikkje meir før dei trefte ein stolpe i autovernet. Han vedgjekk at han må ha vore uoppmerksam.

Det kom fram i retten at den tiltalte strauk på oppkøyringa til lett motorsykkel to veker før ulukka, og at han vart stansa av politiet i Førde sentrum med Høyvik bakpå sykkelen berre ei veke før den fatale ulukka.

Overfor retten vedgjekk tiltalte at det var rein idioti å setje seg på sykkelen igjen, etter at politiet hadde stansa han. Han sa også at han var skuffa i ei veke etter at han strauk på oppkøyringa.

Motorsykkelulukke ved Flokeneset

DØDSULUKKE: Ein 16-åring omkom ved Flokeneset i Askvoll.

Foto: Frode Stang

– Tragisk sak

Ivar Blikra er forsvarar for den tiltalte 18-åringen, og han seier dette er ei tragisk sak.

– Det er tragisk for foreldra og slektningane til guten som omkom, men det er og tragisk for han som skal leve med vissa om at han var førar av motorsykkelen, og at det gjekk heilt gale.

– Kva vil du som forsvarar legge vekt på?

– Det er viktig å få fram alle fakta i saka. Han har vedgått eit øyeblikks uoppmerksomheit og dermed aktløyse, og at han kan lastast for ulukka. Det som er viktig for retten er å vurdere om det er utvist aktløyse i samband med dødsfølgen.

(Saka held fram under biletet)

Synfaring etter dødsulukke

PÅ ULUKKESSTADEN: Retten såg i dag på staden der ulukka skjedde i juli 2011.

Foto: Jon Bolstad / NRK

På veg til Krabbefestivalen

Aktor Lisa Førde Refsnes er samd med Blikra i at saka er tragisk for alle partar.

Ho fortel at det var fire kameratar med to motorsyklar som bestemte seg for å reise til Krabbefestivalen på Atløy ulukkeskvelden. Men etter å ha venta lenge på ferja i Askvoll bestemte dei seg for å snu og køyre heim att.

På veg til Askvoll var det ein anna person som sat bakpå lettsykkelen til tiltalte, medan dei byta når dei skulle køyra heim til Førde igjen.

– I tillegg til deo vitna som har sett delar av køyreturen forklare seg, skal vegvesenet som rykte ut til ulukkesstaden også forklara seg, fortel Refsnes og forklarar at det var ingen vitne til sjølve ulukka.

Ho seier det blir opp til retten å vurdere kor klanderverdig køyringa til den tiltalte var.

– Klassisk nybyrjarfeil

I dag var retten på synfaring på ulukkesstaden. Der fortalde politibetjent Jan Arild Nervik om det han opplevde ulukkesdagen. Han bur i nærleiken og rykte ut frå heimen.

Han sa at røynde motorsyklistar legg seg ut i svingen for å få best mogeleg sikt. Ein klassisk feil uerfarne førarar gjer er å sjå rett fram i staden for å rette blikket ut av svingen.

– Dermed kan ein bli redd og køyrer der ein ser i staden for å legge seg endå meir ned og gi gass for å kome seg ut frå autovernet og gjennom svingen. Om ein bremsar går sykkelen opp, og ein går rett fram, ein klassisk nybyrjarfeil.

Det var elles Jan Arild Nervik som stansa den tiltalte med passasjer på sykkelen ei veke før ulukka. Han har sjølv erfaring med motorsykkelkøyring.

Jan Arild Nervik gir forklaring på synfaring

VAR PÅ ULUKKESTADEN: Politibetjent Jan Arild Nervik framfor ulukkesstaden saman med aktor Lisa Førde Refsnes.

Foto: Jon Bolstad / NRK