- Her skulle vi ikkje ha site

Det var ikkje sjølvsagt at Silje (5) skulle få sitte i armkroken til mamma.

Karin Vetvik saman med dottera Silje (5).
Foto: Privatfoto

SEI DI MEINING: Bør Helse Førde bygge ned fødeavdelinga på Eid?

I dag har den fem år gamle jenta frå Måløy ei mamma og pappa til å passe på seg. Men fødselen for fem år sidan kunne brått snudd opp ned på det.

Fekk styrtblødning

For det som starta som ein vanleg fødsel då Karin Vetvik og sambuar Harald Barmen venta sitt andre barn, vart brått ein kamp om liv og død for både mor og den nyfødde. Etter tre kvarter med veer i ambulansen til Eid, henta gynekolog Arne Järnbert ut Silje henta med hastekeisarsnitt ved fødeavdelinga på Nordfjordeid. Men dramatikken var ikkje over med det.

- Livmora trekte seg ikkje saman og eg fekk styrtblødning. Det stod om livet. Järnbert måtte ta fjerne livmora. Det var einaste utveg, fortel Karin.

Høyr den dramatiske historia

- Eg var veldig heldig

Utan legane til stades ved fødeavdelinga ved Nordfjord Sjukehus, er Karin sikker på at ho aldri ville overlevd den dramatiske fødselen.

- Ved eit keisarsnitt som ikkje er planlagd, så veit du aldri kva som kan skje. Det kan gå heilt fint, men det kan og gå gale. Eg var veldig heldig, seier ho og vert både provosert og såra over den evige debatten kring fødeavdelinga som redda både livet hennar og Silje.

- Når tek det slutt?

Også for fem år sidan var debatten i gang om å bygge fødeavdelinga på Nordjfordeid ned til ei fødestove.

- Når skal det ta slutt? Å diskutere den debatten som er så alvorleg er vanskeleg å tenke på. Vi vil ikkje at verken mødre eller born ikkje skal leve opp fordi vi ikkje har lege på sjukehuset til å gjere den jobben dei skal. Dei skal redde liv og ungane dine skal ha ei mor.