Hopp til innhold

- Har visst om testen heile tida

Kjersti Tysse Plätzer seier ho var heilt i sjokk då ho fekk vita om dopingtesten. - Eg veit at Erik ikkje har brukt dette produktet.

Kjersti Tysse Plätzer
Foto: Poppe / SCANPIX

I dag kom det fram at kappgjengar Erik Tysse frå Os testa positivt på bloddoping under eit stemne i San Giovanni, Italia, i mai i år.

Friidrettsforbundet fekk melding om den positive dopingtesten i byrjinga av juni, og informerte Erik Tysse under eit møte på Flesland den 3.juni.

LES ÒG: Fekk sjokkmeldinga på faks | Støttar treningskameraten

- Me har brukt mykje tid og tankar på det

Søster og kappgjengar Kjersti Tysse Platzer fekk vite om testresultata av broren med det same. Ho bedyrer at broren ikkje har brukt produktet det er snakk om.

Søskene Erik Tysse og Kjersti Tysse Platzer.

Kjersti Tysse Platzer seier broren ikkje har brukt doping. Her er dei fotograferte saman under trening.

Foto: Høistad, Andreas / SCANPIX

- Me har spekulert mykje i kva som kan ha skjedd, og brukt mykje tid og tankar på det.

Stoffet Erik Tysse har testa positivt på heiter CERA, og er eit tredjegenerasjons EPO. Kjersti Tysse Plätzer seier ho er skremt over at ein kan få utslag for noko ein ikkje ha brukt under ein dopingprøve.

- Du blir berre heilt sjokka

- Du blir berre heilt sjokka. Eg kan ikkje seia noko om korleis det kan skje, eg er heller ingen kjemikar som kan lesa testresultata, seier ho.

- Alt eg veit er at det er skremmande korleis ein kan ha ein positiv prøve når ein ikkje har brukt doping, seier Tysse Plätzer.

Kjersti Tysse Plätzer tok mellom anna sølv i kappgang i OL i Beijing i 2008. Ho er gift med Stephan Plätzer, som er trenar for både ho og Erik Tysse.

Advokaten har bede om ein rekonstruksjon

Erik Tysse har engasjert advokat Gunnar Martin Kjenner i kampen for å bli reinvaska.

Advokaten seier dei har bede om ein rekonstruksjon av alt som skjedde før og under dopingtestinga som gjekk føre seg i San Giovanni i mai. (Sjå videoen under.)

Video - Har bedt om en rekonstuksjon

Gunnar Martin Kjenner er advokat for Erik Tysse.