- Ha fødestove i byane

- Det er byane som bør ha jordmorstyrde fødestover og ikkje distrikta. Det meiner overjordmor Linda Grotle Hauge ved sjukehuset på Nordfjordeid.

Linda Grotle Hauge
Foto: NRK

Norsk gynekologisk foreining meiner fødeavdelinga på Nordfjordeid bør reduserast til fødestova fordi fødselstalet er for lågt. Det er ikkje Grotle Hauge samd i.

- Det kan lagast til ei fødestove i nær tilknyting til dei store sjukehusa slik at du kan få hjelp viss du får bruk for det. Er du på Nordfjordeid eller i Lærdal, og du står utan gynekolog, er det langt til næraste sjukehus, seier ho.

Spørsmålet om Nordfjordeid med sine knapt tre hundre fødslar sist år, bør bli såkalla jordmorstyrd fødestove i samsvar med Stortinget sine føresetnader, vart aktualisert onsdag då leiar i Norsk gynekologisk foreining, Rolf Kirschner, gjekk ut og sa at Nordfjordeid bør ha fødestove.

- Det kan bli ei jordmorstyrt fødestove for friske fleirgangsfødande på Nordfjordeid. Dette er basert på faglege vurderingar, og eg er sikker på at mange av kollegaene i Sogn og Fjordane vil seie seg samd i dette, seier han.

Dinosaur

Reaksjonane let ikkje vente på seg, og Bente Øien Hauge i folkerørsla for lokalsjukehusa karakteriserer Kirschner som ein dinosaur.

- Han tviheld på eit standpunkt som han vert meir og meir åleine om. Både fagmiljø og politiske miljø ser at å leggje om til fødestover i distrikta er ein dårleg veg å gå, seier ho.

Og overjordmor Linda Grotle Hauge vil ikkje vere med på at færre enn 400 fødslar er fagleg uforsvarleg. På store sjukehus er til dømes svært mange under utdanning.

- Sett i forhold til gynekologar som skal ha trening under operasjonar, vil ein sjå at dei får like god mengdetrening og kanskje større enn på dei store institusjonane. Og det er fordi det er folk under utdanning der, seier ho.

Redd for fogderistrid

Ho understrekar at Nordfjordeid, Førde og Lærdal i dag samarbeider svært godt og har eit velfungerande og trygt tilbod til dei fødande i heile fylket, men no fryktar ho ny uro.

- Ein kan risikere blest i den gamle fogderistriden, og slik sett misse fokus på det vi skal halde på med, å gi ei god teneste til folk.