Hopp til innhold

- Google gir unge nynorskskrekk

Søkjemotoren Google på Internett får kritikk for å bruke for gammaldags nynorsk.

Google på nynorsk

 Direktør i Norsk Språkråd, Sylfest Lomheim, meiner ord som snøggast og attende kan skremme ungdommar vekk frå nynorsken.

- Det kan ha den konsekvensen at ungdommane tykkjer at nynorsk er for dei som er eldre og ikkje dei unge. Alle som lagar tekstar har eit ansvar og må tenkje på målgruppa, seier han.  

- Gammalmodig

Sylfest Lomheim
Foto: Erlend Aas / Scanpix

For ei tid tilbake kom søkjesidene til Google på nynorsk, men språket er det ifølgje Lomheim så som så med. "Å gå attende åt søket", og "snøggast" er berre eit par døme på kva nynorsk som blir brukt.

- I staden for attende kan ein bruke tilbake, og i staden for snøgg kan det brukast rask eller hurtig. Det blir feil å diskutere enkeltord, men viss det er ein gjennomgåande stil at språket er gammalmodig, så tykkjer eg ikkje at dette er rette staden å vere det, seier han. 

Lovar å sjå på saka

Lomheim understrekar at han er glad for at det har komme eit tilbod på nynorsk, men meiner utviklarane har eit ansvar for å tilpasse språket etter målgruppa. 

Utviklingsdirektør i Google Norge, Knut Magne Risan, lovar å ta tak i saka. Han avviser at dei prøver å gje ungdommar nynorskskrekk.

- Vi har ikkje ønskje om det, men vi har laga ei teneste som veldig mange har ønskt seg, seier han.