Hopp til innhold

- Går mot sitt eige parti

Åge Starheim i Framstegspartiet går mot sitt eige parti i landbrukspolitikken. Det meiner fylkesleiar i Sogn og Fjordane Bondelag, Per Hilleren.

Per Hilleren
Foto: Arne Eithun / NRK

Han trur ikkje på Starheim når han seier at Framstegspartiet ikkje vil redusere landbruksstøtta om dei kjem til makta.

– Han er ikkje i samsvar med det som står i handlingsprogrammet for 2009 til 2013.

– Usikkerheit blant veljarane

For i handlingsprogrammet til FrP står det at partiet ønskjer å redusere landbruksstøtta. Men på tysdag sa Starheim følgjande i partileiarutspørjinga i NRK.

– På sist landsmøte vart det samrøystes vedteke at FrP ikkje skal redusere overføringane til landbruket, og det meiner eg at vi som parti må halde oss til når vi skal til med statsbudsjettet for 2010.

Video: Partileiarutspørjing av Åge Starheim

Hilleren meiner Åge Starheim med dette skapar usikkerheit blant veljarne og mister truverde.

– Eg forventar at dei held seg til handlingsprogrammet sitt. Det er det dei har gått til val på. Og då kome med andre ting, og seie at det er det som gjeld, verkar lite truverdig.

– Tek feil

Åge Starheim

Åge Starheim under partileiarutspørjinga i NRK

Foto: Vegar Erstad / NRK

Starheim forstår at bøndene kan vere skeptiske til eit parti som dei siste åra har foreslått store kutt i landbruksstøtta, men seier at Hilleren i dette tilfelle tek feil i kritikken.

– Det er totalt uberettiga. Det øvste organ i FrP, som er landsmøtet, har gjorteit samrøystes vedtak på bakgrunn av eit resolusjonsforslag frå Sogn og Fjordane FrP og Trøndelagsfylka.

– Vi skal ikkje redusere landbruksstøtta utan at vi samstundes har sytt for andre tilskotsorningar som veg opp det. Vi må ved neste budsjettforslag vise at vi er å stole på.