Hopp til innhold

- Førstehjelp må bli obligatorisk

Vil ha førstehjelp på timeplanen til førsteklassingar.

Redningsøving i Selje

Laurdag hadde Selje kommune ei redningsøving med ei iscenesatt bilulukke, der ungdom fekk føle på kroppen korleis det er å vere innestengt i eit bilvrak, og ikkje minst kva ein skal gjere om ein kjem til ein ulukkesstad.

Marita Aarvik, prosjektansvarleg for fyrstehjelpopplæring i Selje kommune, meiner livredning bør bli obligatorisk på timeplanen i grunnskulen.

Personleg skriv til Frp

- Personleg har eg laga eit skriv til mitt eige parti, Framstegspartiet, der eg har skissert eit løp der elevane startar med enkel førstehjelpopplæring i første klasse. Deretter aukar ein kunnskapen, og avsluttar med å kunne bruke ein halvautomatisk hjertestartar i tiande klasse. Dette er ikkje eit stort og komplisert opplegg, men eit veldig godt hjelpemiddel for befolkninga totalt sett.

Prøvde å redde faren

Det er viktig å få dette inn i grunnskulen, meiner ho, for her kan einå alle, og har ein fyrst lært det så sit det. Ho viser til tretten år gamle Victoria Aarvik, som greidde å utføre førstehjelp på faren då han fekk hjarteinnfarkt i vinter, fordi ho hadde lært kva ho skulle gjere.

Positive signal frå Siv Jensen

- Eg har fått positive signal frå Siv Jensen, som har sendt saka vidare inn i utdanningsgruppa i partiet, no håpar eg alle dei andre partia ser viktigheita og nytten av dette, seier Aarvik.