Hopp til innhold

- Ein stor dag for skiskyttarane

Søndag vart vestlandets første rulleskiløype opna på Kålsete i Vik.

Frå venstre: Marit Hjelle, Martha Finden Halseth, Tore Bøygard, Erik Lidal, Jorun Åsfrid Røyrvik.
Foto: MMS- Erling Stadheim

Løypa er tre kilometer lang og er i følgje Erling Stadheim prikken over i'en for Vik skisenter.

- Dette er ikkje berre stort for skiskyttarane frå Vik, men også for alle i regionen og landet som går på rulleski, strålar Stadheim.

 

Kosta tre millionar kroner

Presidenten for skiskyttarane, Tore Bøygard, kasta glans over storhendinga. Også leiar i skiskyttarkrinsen, Marit Hjelle var med på markeringa. I tillegg til noverande og tidlegare ordførar i Vik, Martha Finden Halseth og Erik Lidal, og leiar Jorunn Åsfrid Røyrvik i skigruppa i Vik. Heile skianlegget har kosta 28 millionar. Berre asfaltløypa kosta tre millionar kroner.

- Etter vårt syn, med det landskapet utøvarane kan trene i, er dette eit av landets flottaste anlegg for rulleskiskyting, strålar Stadheim.