Hopp til innhold

- Ein opera for heile landet

- Eg håper at mange i Sogn og Fjordane finn vegen til operaen i Bjørvika, for dette er verkeleg eit bygg å glede seg over, seier samferdsleminister Liv Signe Navarsete.

Ho var ein av mange gjestar under opninga av operahuset i Oslo i går.

- Operaen er fantastisk fin og det er eit signalbygg som heile landet skal vere stolt av.

Sjå biletgalleri frå opninga av operaen

Ei eineståande oppleving

For dei som var med på opninga vart det ei fantastisk og eineståande oppleving som blir hugsa i lang tid. I salen sat hundrevis av prominente gjestar som den norske kongefamilien, den tyske forbundskansleren, den norske regjeringa og ei rekkje andre store og små kulturkjendisar.

Kong Harald innleia gallaen med offisiell opning av det nye huset, og peika på utfordinga i gjere huset og kunsten tilgjengeleg for alle.

Erling Sande og Åslaug Haugset

Erling Sande og kona Åslaug Haugset

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

- Flott

Stortingsrepresentant Erling Sande frå Bremanger hadde meg seg kona Åslaug Haugset på operagallaen. Han tykte det var flott å få besøke det nye bygget.

- Det var ei flott og artig førestilling, og det stor stas å få vere med på opninga av det som kanskje er det einaste monumentale bygget vi kjem til å bygge i landet i vår tid.

Det er særleg eit av sceneinnslaga han vil trekke fram frå opningsførestillinga.

- Eg hadde sansen for slavekoret der det var med arbeidarar som har jobba med bygget, i tillegg til folk frå 200 kommunar rundt om i landet.

Og Sande er klar på at bygget til 3,3 milliardar skal vere for alle.

- Det er eit stort og dyrt bygg, så det må vere for heile landet for å rettferdiggjere seg sjølv. Det kan ikkje vere eit bygg berre for folk i Oslo.

Jan Helge Dale og Heidi Grande Røys

Heidi Grande Røys og sambuar Jan Helge Dale.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

- Viktig å skape interesse

Også fornyingsminister Heidi Grande Røys frå Bremanger hadde ein strålande kveld.

- Det var ein stor kveld. No er det viktig å skape interesse for opera i heile landet for at dette skal bli nasjonalt operabygg, og eg veit at dei som jobbar her er opptekne av det.

Oppvarming til neste år

Ei av dei som verkeleg strålte laurdag kveld var operasjef Kari Standal Pavelich ved Opera Nordfjord.

Kari Standal Pavelich

Operasjef Kari Standal Pavelich under opninga.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

- Det er veldig stas å få vere her i eit så flott bygg.

Neste år er det ho sjølv som skal opne operahus.

- Vi kan ikkje konkurrere med storleiken på bygget, men eg håper på ein fin opningsseremoni på Nordfjordeid når det nye bygget står klart.

Stort fyrverkeri

Eit gigantisk fyrverkeri avslutta festførestillinga i Bjørvika, truleg det største i Noreg nokon sinne. Til tonane av Richard Wagners opera "Den flygande hollender" vart dei fyrste rakettane sendt opp i nattehimmelen.

Sjå det fantastiske fyrverkeriet!

Operaen

Operaen i Bjørvika

Foto: Falch, Knut / SCANPIX