Fleirtalet la særleg vekt på at drapet var å sjå på som eit seksualdrap. Tiltalte har forsøkt å tiltvinge seg seksuell omgang, og då han møtte motstand heldt han fram med vald og tvang i ein slik grad at det endte med drap.
Valdsbruk
Den knusande dommen vart opplesen av dommar Daniel Lunde i føremiddag, og han la vekt på å skildre korleis den unge sjukepleiestudenten frå Hjelmeland i Rogaland kan ha opplevd det som skjedde:
- Fornærma - ei ung jente på 22 år - var tidleg sundag morgon på veg til arbeid. Ho må ha opplevd hendinga som grufull. Ho freista etter beste evne å yte motstand, men trass motstanden har tiltalte halde fram med bruk av vald, og har til slutt klemt rundt halsen hennar for å bryte ned eller stogge motstanden slik at han kunne oppnå seksuell omgang. Dette grepet har vart i 15 - 30 sekund, og i alle fall i delar av denne tida må ho ha vore klar over kva som var i ferd med å skje.
Upåverka
Lagmannsretten synes at tiltalte har verka ganske upåverka av saka. Fleirtalet meinte straffa bør avspegle det særskild skjerpande ved eit seksualdrap - også for å gje ei riktig bilete av samfunnets syn på ei slik handling.
- Sterke allmennpreventive grunnar tilseier ei streng straff. Det fins ingen formildande forhold å ta omsyn til, sa dommar Daniel Lunde, og konkluderte med at fleirtalet fann 15 års fengsel som passande straff.
Moderat vald
Ordførar for lagretten, Marianne Bergvall, var åleine om å utgjere mindretalet i straffeutmålinga. Ho var i hovudsak samd med fleirtalet i kva som hadde skjedd, men meinte ei rett straff ville vere 11 år i fengsel. Grunnen til dette var at ho meiner det ville vere meir i samsvar med rettspraksis, og at graden av valdsbruk var moderat.
Vond barndom
Ho peika òg på at ein vond barndom burde verke formildande. Og ho trekte fram eit permanent minnetap som følgje av blackout, og meiner tiltalte burde få psykologisk hjelp for å forstå at han har gjort denne handlinga.