Politiet brukar mange millionar kroner ekstra på etterforsking av drapssakene, men politiet er i dialog med politidirektoratet for å få hjelp til rekninga.
Men mange vil spørje seg korleis er det mogleg. For politiet har til liks med andre etatar, slett ikkje uavgrensa resurssar. Og etterforsking kostar.
Enkelte saker på vent
Slåtten-saka i Førde har hittil kosta meir enn tre millionar kroner, og enno er det for tidleg å seie kva drapssaka i Sogndal vil koste. Politiet i Sogndal doblar no kapasiteten sin ved å hente polititenestefolk frå heile indre Sogn. Dette vil føre til at enkelte saker blir sett på vent, seier Krogen. Men berre på kort sikt, lovar han.