Hopp til innhold

- Det gror godt i fotballrekkjene

Det gror godt i rekkjene bak Eirik Bakke, Tore Andre Flo, Elise Thorsnes og Margunn Haugenes. I alt ni spelarar frå fylket er aktuelle for dei yngste landslaga i fotball.

Peter Aase (t.v.), Eirik Bakke og Stefan Aase

TALENT: Eirik Bakke har ei rekkje kampar med flagget på brystet. Kanskje blir Peter Aase (t.v.) eller Stefan Aase (t.h.) den neste landslagsspelaren på seniornivå?

Foto: Arve Uglum / NRK

Seks spelarar fekk i går melding om uttak til Statoil sine talentleirar i Stavanger og Porsgrunn.

I tillegg kjempar tre jenter om plass på J16-landslaget som i sommar spelar nordisk meisterskap.

– Det har nok ikkje vore så mange landslagsaktuelle spelarar på veldig mange år. Spesielt på jentesida er det jobba godt, seier spelarutviklar Magne Elde i Sogn og Fjordane fotballkrets.

– Blir jobba godt

Både Ingri Ness (Sogndal) og Oliver Rotihaug (Eid) er tekne ut til talentleiren i Stavanger. Begge er fødde i 1997. Leiren er det som tidlegare var Ole Gunnar Solskjær sin fotballskule. I oljebyen er det Brede Hangeland som blir ny frontfigur for akademiet.

Spelarutviklar Magne Elde i Sogn og Fjordane Fotballkrets.

NØGD: Spelarutviklar Magne Elde er nøgd med talentutviklinga i Sogn og Fjordane.

Foto: Sogn og Fjordane Fotballkrets

I tillegg er 15-åringane Sara Eriksen (Førde) og Jacob Storevik (Tambarskjelvar) tekne ut til talentleiren i Porsgrunn. Det same gjeld Peter Aase frå Florø. Lagkamerat Simen Halvorsen var også utteken, men er skadd.

– Dette viser at det blir jobba godt på talentsida kring om i fylket, og viser at det er gode sjansar for å bli gode fotballspelarar i Sogn og Fjordane. Dei aller, aller beste får god oppfølging, seier Elde.

Fast på seniorlag

At fylket er lite og meir oversiktleg, gjer det lettare å plukke ut talenta så tidleg som mogleg for god oppfølging.

– Samstundes ser vi også at dei beste 15-åringane får tidleg kontakt med seniorfotball. På jentesida spelar dei beste jentene fast på 2. divisjon, medan gutane spelar på 3. eller 4. divisjonslag, seier Elde.

Mange talent

Tal spelarar på talentskulane har dei siste åra variert frå år til år. Elde meiner at 95-kullet ser ut til å vere det sterkaste kullet på lenge, spesielt på jentesida. Etter nokre magre år med landslagsspelarar på seniornivå, ser Elde positivt på framtida.

Per no er det berre Elise Thorsnes frå Kaupanger som spelar på seniorlandslag. På dei eldste aldersfastlagde laga er Sogn og Fjordane representert ved Ane Fimreite (J19), Guro Øydvin (J17), Ørjan Hopen, Eivind Daniel Røed og Gustav Valsvik (G19).

– Slik eg kjenner det, så har vi mange og unge spennande spelarar som har potensial til å bli toppspelarar om dei er har den interne driven og er villige til å legge ned arbeidet som krevst for å nå toppen, meiner han.

– Mange vil bli best

– Fleire spelarar på seniorlandslag er målet og det vi alle håpar på, men det er eit godt stykke arbeid frå å vere ung og lovande. Det er ein spennande, men også krevjande prosess. Nålauget blir trongare og trongare, og tøffare og tøffare. Det er mange som ynskjer å bli best, legg Elde til.

I alt 132 spelarar er tekne ut til dei to fotballskulane i Stavanger og Porsgrunn i månadsskiftet juni/juli. Uttaka er basert på kartlegginga som blir gjort gjennom regionsamlingane.