Hopp til innhold

- Denne vegen er farleg

Innbyggjarar på sørsida av Jølstravatnet ber om avklaring på ansvarsforhold for fylkesvegen.

På sykkeltur langs Jølstravatnet

Illustrasjonsfoto frå sørsida på Jølster.

Foto: Rune Molvik

- Eg trur ikkje sørsida er tent med å halde innbyggjarane sine med kjerreveg, seier Henning A. Hellebust i brev til Jølster kommune.

Sand i vegbana

Hellebust køyrer dagleg strekninga Sanddalen - Vassenden, men har sett seg lei på særs dårleg vegstandard. Då det i haust kom ned store nedbørsmengder, la det seg sand og steinmassar i vegen fleire stadar.

- Desse er ikkje fjerna, men ligg som små sandbankar som smalnar inn køyrebreidda. Spesielt område mellom Hammar og Strand, seier han.

Flaumer over

I same område har også oversvømmingar av vegen eskalert og vatnet kjem frå elvar som ikkje lenger renn under vegen, men over.

- Djupna er vanskeleg å sei, men frå null til ti centimeter. Det er no eit dusin stadar der heile vegen ligg under vatn - sjølv dagen etter at nedbøren har stoppa, seier han og meiner det er stor fare for vannplaning. Han legg til at vegstandarden fører til unødvendig mange turar til bilverkstaden og kortare levetid for bilane.

Dårleg brøyting

Heller ikkje om vinteren er fylkesvegen langs sørsida problemfri.

- Det er regel heller enn unntaket at snøen ligg så tjukk at det er store problem med å ta seg fram. Ti-15 centimeter tungt snøslaps er risikabelt å køyre i, med eitt senterspor i vegen, skriv Hellebust og tykkjer vintervedlikehaldet knapt kan skildrast som normert brøytestandard.

Krev svar

Hellebust ber kommunen gjere greie for krava til vegstandard og kven som har ansvar for å fjerne overflatevatn, snø og lausmassar i vegbana.

- Enkelttilfelle og mindre uregelmessigheiter skal vi tole, men når det gjennomgåande vert opplevd som ekstra risikabelt å køyre til og frå barnehage og jobb, då vil eg reagere, seier han.