Hopp til innhold

- Burde ikkje oppgitt etnisitet

Arild Melvær ved Innvandrarsenteret i Florø er frustrert over at det vert trekt fram at dei pågripne er av utanlandsk opphav.

Tidl. politihus i Florø.
Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

- Etnisitet har i dette tilfelle ingen ting med sjølve brotsverket å gjere, seier han til NRK Sogn og Fjordane.

Ei 13 år gamal jente skal ha vorte utsett for seksuelle overgrep i Florahallen i førre veke.
LES: Gutar sikta for seksuelt overgrep

- Ei eingongshending

I går fortalde lokale media at dei tre pågripne er av utanlandsk opphav. Det stod å lesa på nettsidene til avisene Firda og Firdaposten, og vart også opplyst i radiosendinga i NRK Sogn og Fjordane.

- Dette er ei eingongshending. Det trur eg dei fleste i Florø ser, seier Melvær til avisa Firda.

Forstår kva han meiner

Politistasjonssjef Nils Erik Eggen seier han forstår innvendingane frå Melvær, men seier at han valde å vere open om dette fordi det allereie var kjent i lokalmiljøet og media.

- Eg forstår godt kva han meiner. Eg skal for så vidt vera einig i at han har eit poeng, men i den situasjonen me var i går var det vanskeleg å dekka over det faktumet. Difor valde eg å vera open om det mange i pressa allereie visste, seier Eggen.

- Men var det naudsynt?

- Det vert jo også eit spørsmål for dei som valde å skriva det. Sidan det var kjent valde eg å vera ærleg om det. Deretter var det like mykje opp til dei som publiserte det.