Hopp til innhold

- Bunader gir dårleg image

For mykje bunader skadar inntrykket av Sogn og Fjordane. Det meiner fylkesleiar i ungdomspolitisk utval, Kjell Øystein Neteland.

Festførestilling i Oslo rådhus
Foto: Arne Stubhaug

Under 70-års feiringa til Kong Harald sto 60 bunadskledde personar for programmet frå Sogn og Fjordane.

- Viss vi skal få unge folk til fylket, så er det ikkje lurt å bare vise at vi har fine bunader. Bunader vert ofte oppfatta som litt traust, seier han.

Brudefølgje og kvedarar

Under feiringa stilte kvart fylke med eit innslag kvar. Og tre unge kvedarar frå Hornindal saman med eit brurefølgje på 60 var Sogn og Fjordane sitt bidrag til førestillinga.

- Vakkert, men gammaldags

Til avisa Firda seier ungdomspolitikaren at fylket stilte med eit vakkert og verdig innslag. Men Neteland meiner folk samstundes kan får eit einsidig og gammaldags inntrykk av fylket ved å stille med eit slikt innslag. Han meiner fylket burde tenkt heilt annleis.

- Det kan vere flinke, unge musikarar frå fylket som kunne vist noko nyskapande, seier han.

Avviser kritikken

Men fylkeskulturdirektør Ingebjørg Erikstad avviser kritikken frå ungdomspolitikaren.

- Eg oppfattar ikkje det å vise fram vår eigen kultur som negativt. Vi profilar oss med ulike kulturinnslag i ulike samanhengar, så summen av dette er eg trygg på, seier ho.

- Kva signal trur du dette gir unge som vurderer å flytte tilbake til fylket?

- Mange unge er opptekne av tradisjon, så sånn sett kan dette virke positivt. Men samstundes veit vi at andre ikkje er det, og då må vi tenkje annleis i høve til dei, seier ho.