Hopp til innhold

- Bø går Northug ein høg gange

Skiskyttaren Tarjei Bø blir omtala som einkvar sponsors draum.

Tarjei Bø

SUVEREN: Verdscupleiar Tarjei Bø frå Stryn har i år kome som ein komet i skiskyttarsporten.

Foto: DON EMMERT / Afp

Stryningen leiar verdscupen 87 poeng framfor landsmannen Emil Hegle Svendsen. Så langt har Bø gått inn over 680 000 kroner i prispengar - over tusenlappen for kvart av dei 679 verdscuppoenga han har fått.

I tillegg kjem ulike bonusar.

- Personleg tykkjer eg han går Petter ein høg gang allereie, seier sponsorgruru Jacob Lund til Bergens Tidende.

Større enn Northug

Før jul meinte han stryningen var like mykje verd som langrennsesset Petter Northug . Knapt to månadar seinare rangerer Lund stryningen over trønderen.

- Då tenkjer eg på summen av Tarjei Bø, idrettsmannen og mennesket. Han er ung, har glimt i auget, eropen og reflektert, og framstår allereie som ein fullvaksen skiskyttar, seier Lund til avisa.

- Eit funn

- Samtidig som han har eit sjeldant talent og vinnarskalle, har han også beina på jorda. For einkvar sponsor framstår han som eit kjempefunn, legg Lund til.

Verdscupavslutninga i Oslo og VM i Russland står for tur i mars. Då kan innteninga for årets sesong bli langt høgare. I 2005 kom Ole Einar Bjørndalen heim frå Hochfilzen i Austerrike med fire VM-gull. Ein slik prestasjon av Bø vil utløyse ein bonus på over 600 000 kroner.

I tillegg kan samanlagtsiger i verdscupen gi 200 000 kroner, samt 75 000 kroner frå forbundet. Lund trur vinnaren av årets gjennombrot under idrettsgallaen fort kan bikke to millionar kroner denne sesongen, skriv avisa.

Klokka 1730 i dag kan Bø gå inn nye tusenlappar verdscupen, når ti kilometer sprint står på programmet i Fort Kent.