Hopp til innhold

- Berre må ha Lerums julebrus

Ein internettaksjon prøver no å få Lerums julebrus tilbake i butikkhyllene.

Det er Lene Fløysand frå Lindås i Nordhordland som har starta aksjonen, og ho har på kort tid fått stor oppslutnad.

Kjedene vil ikkje betale

Årsaka til at julebrusen frå Lerum ikkje er i butikkane i år er at kjedene ikkje vil betale for produksjonskostnadene, skriv Lene Fløysand i oppropet sitt.

- Symbolet på barndommens jul

- For mange av oss er Lerums julebrus sjølve symbolet på barndommens jul, og vi krev difor at dette blir den einaste jula butikk-kjedene skal snyte oss for denne tradisjonelle julebrusen. Skriv under på oppropet og gi oss Lerum julebrus tilbake, står det i oppropet.

- Blir ikkje jul utan

- Det blir liksom ikkje jul utan denne brusen, iallfall ikkje for oss som har vakse opp på Vestlandet, seier Lene Fløysand.

Ho fortel at ho laurdag fekk vite at det ikkje kom Lerum julebrus i butikken i år. Då ringde ho rundt til vener, og dei fann spontant ut at dei ville starte ein aksjon.

Aksjonen vart starta i 20-tida måndag kveld, og tysdag klokka 13 hadde 165 støtta Lerum-brusen på opprop.no. 

Jan Petter Vadheim
Foto: NRK

Direktør Jan Petter Vadheim i Lerum fortel at dei siste dagane har fått eit kraftig trykk for å få i gang att produksjonen av julebrus.

- Nesten rørande

- Eg er faktisk litt overraska over engasjementet. Det er nesten rørande å høyre at julebrusen vår har vore ein stemningsskapar og kulturberar i samband med jula. Dette er kjekt. Årsaka til at vi i år valde å ikkje lage julebrus er at det har vore sterkt prispress på dette produktet.

Vil prøve å lage julebrus

Og Vadheim er ikkje snauare enn at han vil prøve å oppfylle ynskjet til Lene Fløysand alt denne jula.

- No ser vi at innhaldet for mange er viktigare enn prisen. Vi vil prøve å sjå om vi får til ein produksjon før jul. Det er avhengig av at kjedene ynskjer brusen i butikkane. I så fall blir det ikkje før rett oppunder jul. 

Lerum julebrus
Foto: Lerum

  

- Julekort resten av livet

- Eg er imponert over at Vadheim i den grad høyrer på forbrukarane, og vår kritikk er ikkje retta mot Lerum, men mot kjedene. Eg kan forsikre om at eg og mange med meg vil betale langt meir enn det ei cola kostar for å få Lerum julebrus. Når Lerum no vil prøve å få laga julebrus så vart tilveret straks lysare. Vadheim skal få julekort frå meg resten av livet dersom han får det til, forsikrar Lene Fløysand.