Etter første omgang stod det 0-2 til Årdal. Jørn Skjeldestad skåra etter omlag 10 minutt og etter ein halvtime sette Preben Strypet inn ein straffe.
Ved pause var stillinga 0-2.
Årdal pressa mykje av tida, men i andre omgang lysna det litt for Vik. Like før slutt vart det straffe til heimelaget, og Øystein Myrkaskog sette ballen i mål.
- I denne kampen var Årdal best og det er fortent at dei vann, seier Nils Geir Myrkaskog som er lagleiar for Vik.
Kampfakta:
Vik - Årdal 1-2 (0-2)
- 0-1 ved Jørn Skjeldestad
- 0-2 ved Preben Strypet - straffe
- 89. minutt: 1-2 ved Øystein Myrkaskog - straffe
Les også: