Hopp til innhold

- Ammande bør drikke vin før dåpen

Sokneprest Carsten Wind Hansen har eit oppsiktsvekkjande råd for å roe nervøse mødrer før barnedåpen.

Illustrasjonsfoto av prest

Sokneprest Carsten Wind Hansen meiner nervøse mødre bør drikke litt vin før dåpen for å roe borna.

Foto: "Illustrasjonsfoto: www.colourbox.no

Soknepresten i Høyanger meiner at ammande mødrer bør ta seg eit glas vin eller øl dagen før barnedåpen, skriv VG.

- Ammande bør drikke vin dagen før dåpen for at barn skal bli meir avslappa og foreldre mindre stressa. Så ventar ein 24 timar og ammar. Eg har sett at enkelte kan slappe litt meir av, seier Carsten Wind Hansen til NRK.

Nervøse foreldre

Carsten Wind Hansen

Carsten Wind Hansen er soknepreste i Høyanger.

Foto: dr.dk

Det er eit gamalt kjerringråd i Danmark at mødre tek seg ein skvett øl eller kvitvin dagen før den vesle håpefulle får namnet sitt.

- Men her i Danmark er dåpen i kyrkja ein veldig stor ting. Difor er det mange forventingar og nervøse foreldre. Foreldre blir spesielt nervøse dersom born skrik i kyrkja, seier Wind Hansen.

Ikkje bli full

Han presiserer at han gir rådet i dåpsførebuinga for å gje foreldrene ei god oppleving i kyrkja.

- Det som er viktigast er å skape ei trygg råme kring denne store opplevinga det er å døype i den norske kyrkja. Det er ikkje slik at dei skal drikke seg fulle, seier han og legg til at han er villig til å slutte med rådet dersom helsepersonell meiner det er eit dårleg eitt.

Fleire råd

Wind Hansen seier det er fleire råd nervøse foreldre kan følgje, for å unngå eit uroleg barn under barnedåpen.

- Du kan amme om det er ein god idé før gudstenesta. Det kan vere ein god idé at mor ber barnet, for mor og barn kjenner kvarandre. Det er også ein god idé at mor og barn er saman så mykje som mogleg. For meg er det heilt ok at born grin under gudstenesta - men råda er for familien sin del, seier han.

- Nonsens

Divisjonsdirektør Jørg Mørland hos Folkehelseinstituttet, seier det ikkje er forbode å drikke alkohol, men frårår å vere påverka av alkohol under amming. Han skildrar rådet som "reint alkoholfysiologisk nonsens".

- At alkoholen skal ha beroligande effekt, kan diskuterast. Eit glas vin gir ein promille på 0,3. Kanskje ein vaksen blir litt roligare, men barnet vil vere upåverka av det, seier han.

Drikk mindre

Alkoholen frå eit glas vin truleg vere i kroppen i to timar. Blir bornet amma etter 24 timar, vil difor all alkohol vere ute av kroppen. Studier viser også at born som får alkohol gjennom morsmelka, drikk mindre.

- Bornet kjenner og mislikar alkoholsmaken, og då drikk bornet mindre, seier Mørland og legg til at det ikkje er fagleg grunnlag for soknepresten å gje eit slikt råd.