Snøskuterkjøring på Møsstrond
Foto: Anne Lognvik / NRK

– Brukar fjellheimen som leikegrind

MØSSTROND (NRK): Det er over 82.000 snøskuterar her i landet, og for ein del er motorkøyretøyet eit populært leiketøy. På Møsstrond øvst i Telemark har dei fastbuande sett seg lei på at hyttefolk brukar fjellheimen som ei leikegrind for store gutar.

Mange av dei som får prøve synest nok det er moro å køyre snøskuter. Men i fjellheimen er det stort sett ikkje lov å køyre snøskuter berre for moro skuld. Kjell Hove er ein av dei som har sett seg lei på snøskutertrafikken i hyttefeltet på Møsstrond.

– Snøskuteren blir bruka for mykje når dei er på hytta, slik at det er veldig mange reaksjonar på trafikken som er borti liane alle stader, seier Kjell Hove, sjølv fødd og oppvaksen på Møsstrond.

Det er eit veglaust samfunn langs den fire mil lange innsjøen Møsvatn i Vinje og Tinn. Om vinteren er det snøskuter som er det viktigaste framkomstmiddelet, både for fastbuande – og for hyttefolk.

– Brukar det som leiketøy

Kjell Hove

Kjell Hove reagerer på bruken av snøskuter.

Foto: Anne Lognvik / NRK

Det er ein kald og klar dag då NRK får vera med til Møsstrond, øvst i Telemark. Kjell Hove visar veg for å peike og forklare om all den sjenerande snøskutertrafikken.

– Du meiner at hyttefolk brukar skuterane meir enn dei eigentleg har lov til?

– Ja, dei brukar det som leiketøy morgon, middag og kveld, heile tida når dei er der, og det er ikkje intensjonen med det løyvet, seier Hove.

Vil ha strengare snøskuterpolitikk

Kjell Hove, ein av dei som har sett seg lei av snøskutertrafikken i hyttefeltet på Møsstrond, vil ha ein meir restriktiv snøskuterpolitikk.

Han meiner det kunne vore tydelegare i løyvet og i forskriftene – kva som er godkjent og ikkje.

– Du har berre ein ting. Det blir stikka løyper som det er gjort i alle år, men det er heller ikkje godt nok. Dei må stikke sine eigne midt i mellom dei, for å ha eigne vegar og slikt. Det er ikkje riktig. Dei kan vera med på å tråkke dei hovudløypene dei som vi andre gjer, og halde dei ved like, så er det meir å køyre på når våren kjem og det blir dårlegare føre. I staden for å ha mange dårlege løyper, så kan du ha ei god, seier Hove.

Kjell Hove er lei av snøskutertrafikken i hyttefeltet på Møsstrond.

Kjenner seg ikkje heilt att

Arve Iversen er leiar i hyttevelforeininga på Erlandsgard, og kjenner seg ikkje heilt att i det som blir fortalt. Han meiner hyttefolk stort sett respekterer dei strenge snøskuterreglane som er.

– Nei, eg kan ikkje seie det er noko stort problem i vårt område. Det er stort sett veldig lite diskusjon om det. Det er grunneigar som passar på. Det har vore enkelte tilløp til litt ekstrakøyring, men det er ikkje veldig mykje av det i området hos oss, seier Iversen.

Om snøskuterkøyring i Norge

I Norge er køyring med snøskuter regulert av «Lov om motorferdsel i utmark og vassdrag (motorferdselsloven)» og «Forskrift for bruk av motorkjøretøyer i utmark og på islagde vassdrag». Motorferdselsloven kom i 1978 og blei revidert i 1988. Før denne loven blei innført, var det fri ferdsel i utmark.

I enkelte kommunar i Norge er det tilrettelagt med løypenett for rekreasjonskøyring med snøskuter. Dei finst både i Nord- og Sør-Norge. Lov om motorferdsel i utmark gjeld ikkje i innmark, på privat veg, på havis og på Svalbard. I vegtrafikkloven blir snøskuter omtalt som ein beltemotorsykkel.

I juni 2014 kom ei kartlegging frå Miljødirektoratet som viste at to av tre nordmenn var imot unødig snøskuterkøyring i naturen. Då vart ni kommunar med i ei forsøksordning med såkalla fritidskøyring med snøskuter. Like etterpå vart forsøksordninga stoppa.

Talet på snøskuterar i Norge har auka frå 6000 i 1975 til 30.000 i 1986, og fram til 76.500 i 2014, og deretter 82.000 i 2015, ifølge Klima- og miljødepartementet.

Ordføraren påpeiker reglane som gjeld

Jon Rikard Kleven

Jon Rikard Kleven, ordførar i Vinje kommune.

Foto: Anne Lognvik / NRK

Store delar av Møsstrond ligg i Hardangervidda Nasjonalpark eller tilstøytande landskapsvernområde.

Ordførar i Vinje, Jon Rikard Kleven, seier at hyttefolk har avgrensa rett når det gjeld bruk av snøskuter. Han peikar på at løyvet gjeld frå parkeringsplass og inn til hytta, og tilbake att.

– Køyring mellom hytter gjeld ikkje innanfor løyvet. Og dessutan blir det kanskje køyrt på andre sin eigedom, og det er også ulovleg.

– Men Vinje er jo ein turistkommune, då må ein vel vera litt fleksibel og tolerant med tanke på dei som kjem og brukar mykje pengar på å bygge hytter?

– Det er sant, men der har vel kommunen forsømt seg noko når det gjeld det også. For det blir regulert store hytteområde og selt tomter, men at det ikkje blir ført noko tilbake til felleskassa til infrastruktur, synest eg er litt feil, seier Kleven.

Politiets jobb å halde eit auge med det

– Men kva kan de i kommunen gjera med det?

– Det er i utgangspunktet politiet som skal kontrollere. Vinje kommune gir ekstra middel i budsjettet til politiet for å utøve meir snøskuterkontroll enn det dei sjølv har pengar til på sitt budsjett. Så vi brukar meir pengar for å få fleire kontrollar, for igjen å passe på at reglane blir følgt.

Veit ikkje om nokon klager

Leiar i hyttevelforeininga på Erlandsgard, Arve Iversen, seier at han ikkje kjenner til nokon klager på snøskuterkøyring.

– Men ser du at det kan bli eit problem når hyttefolk tek seg litt til rette fordi det er langt unna kontrollar?

– Nei, eg vil ikkje seie at det er noko problem. Om det kan bli det er jo ei heilt anna sak. Men per i dag så opplever ikkje vi på det hyttefeltet at det er noko problem. At det er litt trafikk her og der høyrer ein jo, men hyttene ligg ganske spreidd, så om det er nyttetrafikk eller anna trafikk, det skal eg ikkje uttale meg for sikkert om. Men vi opplever ikkje at det er sjenerande trafikk.

– Vi opplever heller ikkje at det er mykje tullekøyring i terrenget, det hadde vi jo sett spor etter, seier Iversen.